24. september 2007

Tatt av kvinnen

Stakkars Han
Laurdag var eg på kino og såg den nye filmen til Petter Næss, Tatt av kvinnen, som altså er basert på debutromanen til Erlend Loe ved same namn.

Det ville sjølvsagt vore litt ekstra interessant om eg no kunne gjere ei samanliknande analyse av bok vs. film, men det kan eg ikkje, ettersom det er så altfor lenge sidan eg las boka. Det eg imidlartid hugsar, er at eg likte boka best andre (og hittil siste) gongen eg las ho. Første gongen kom ho nemleg sørgeleg i skuggen av Naiv. Super, som var den Loe-boka eg byrja med, og som eg tvilar på at han nokon gong klarer å overgå. Andre gongen, derimot, hadde eg Naiv. Super trygt på avstand i minnet, og Tatt av kvinnen kom meir til sin rett. Og det er jo ei fin bok. Det er jo ei fin historie. Og eg må seie at det også var ein fin film.

Som kvinne må eg jo seie at eg grøssar på ryggen av den manipulative drittkjerringa Marianne. Eg tenker for meg sjølv: Slik må eg ALDRI bli, og kjenner meg rett ut forbanna når ho atter ein gong klarer å lure seg inn på den snille og kanskje litt lettlurte Han. Stakkaren har ikkje eingong eit namn. Det er så gale.

Historia er altså fin. Morosam. Lett. Og filmskaparen har vald fine fargar, fine kulisser, fine kostymer. Der er også nokre herlege, lett surrealistiske filmtriks, så som fyrverkerihjartet på himmelen nyttårsaftan, ein del tankar som kjem til liv, og ikkje minst den herleg korte båtturen frå Aker Brygge til ei ikkje namngitt øy langt oppe i nord.

Eg ser referansar til ein del nyare europeisk film, og kanskje spesielt ein av mine favoritttar, Den fabelaktige Amelie fra Montmartre av Jean-Pierre Jeunet. Det er den same herleg surrealistiske stemninga, dei same fine kulissene, og når handlinga foregår i Paris, også noko av den same parisiske estetikken. Eg tilrår denne filmen for alle som synest det er fint å gå på kino og le litt, og som synest det er flott at norsk film har fått eit skikkeleg oppsving dei seinare åra. Det hjelp også om du har sansen for Erlend Loe, med sin noko oppstilte og aparte, men veldig finurlege og morosame dialog.

Ingen kommentarer: