25. september 2007

Lesing og antipati

Ein triveleg fyr?
Der er mange forfattarar eg ikkje likar personlegdomen til.
Ofte har dette med fleire ting å gjere:

1. Måten dei blir framstilt på i media
2. Det offentlege andletet
3. Faktiske karaktertrekk

Det eg ofte slit mest med å svelgje, er den litt pompøse, lett sjølvforherligande stilen ein del forfattarar legg seg til når dei vert nokolunde kjende. Det er ikkje til å stikke under ein stol at dei som er mest i media ofte også er dei som har mest lyst til å vere mest i media, og det i seg sjølv kan vere eit karaktertrekk eg ikkje set så veldig pris på.

Eg har også eit problem med dette hovmodige og sjølvhøgtidelege mange forfattarar har. Dei toler ikkje kritikk, dei blir rett og slett sure dersom nokon misliker det dei gjer, og dei fokuserer på den suverene forfattarrolla, eller -myten, som eg heller ikkje har særleg tru på. "Det berre kom til meg," seier dei. "Karakterane mine lever sitt eige liv."

Så blir spørsmålet: Må ein like forfattaren for å like litteraturen?

Det trur eg ikkje ein må. Ettersom eg har yttarst få forfattarar eg eigentleg liker, og faktisk veldig få eg i det heile har noko som helst formeining om korleis er som menneske, ville dette vanskeleggjort lesinga mi betrakteleg. Det er ikkje fordi eg ikkje liker Jo Nesbø at eg synest romanane hans er dårlege. Det er heller ikkje fordi eg liker Dag Solstad at eg liker mykje av det han skriv. Eg liker det fordi han skriv godt.

Eigentleg vil eg ikkje vite noko særleg om dette forfattarnamnet på tittelbladet. Eg synest forfattarane gjer for mykje utav seg. Dei kjem i vegen for sine eigne tekstar. Vi fokuserer ofte meir på forfattarane bak litteraturen enn på sjølve litteraturen, førekjem det meg. Kunstnaren står i vegen for kunsten.

P.S. Illustrasjonen har ingenting med temaet å gjere. Eg må berre innrømme at eg er vilt begeistra for Dag Solstad. Forfattar, mann, myte.

6 kommentarer:

kristine sa...

Det er sikkert ulike grunner til at folk skriver og dermed ulike forfattertyper. Selv om forfattere har til felles at de har et behov for å skrive - enten de liker det eller ei - er det nok noen som skriver for å få oppmerksomhet. Det å være forfatter, i alle fall en bestselgende forfatter, gir deg et visst kjendis stempel. På den andre siden har man de som skriver til eget bruk.

Jeg husker at jeg diskuterte det å skrive dagbok med en forfatterspire venn av meg. Han hadde ikke tid til å skrive dagbok, for han brukte sine hverdagslige opplevelser til å skrive tekster med tanke på publikasjon. Jeg har gjennom mange år vært dagbokskriver, men jeg har hatt få ambisjoner om å publisere noe.

Generelt er jo personer som trives med oppmerksomhet de mest synlige. Derfor er det vel ikke så rart at forfattere som liker seg i rampelyset er de vi legger merke til. Jeg tror ikke nødvendigvis det å like oppmerksomhet gjør deg til en dårlig forfatter, så jeg blir ikke skremt av forfattere med eksponeringsbehov. Tror det gjorde min forhåndsdømming av Francis Meyers Lidenskap noe mildere, noe som sikker påvirket lesningen.

Hvis jeg forstår det rett, så har jeg i motsetning til deg en forkjærlighet for eksentriske og arrogante skribenter. Dette er personer jeg nok er glad for at jeg slipper å leve med til daglig, men nettopp fordi de er selvsikre klarer å skrive ting vi andre nok ville ha strøket. Og jeg tror vår menneskelighet like mye kommer frem i vår storhet som i vår selvkritikk.

Aina sa...

Der er jo veldig mange ukjende forfattarar der ute. Så kan ein spørre seg: Er det fordi dei ikkje skriv like godt at dei er mindre synlege? Skriv dei kanskje mindre populistisk litteratur, eller har dei rett og slett eit mindre eksponeringsbehov? Det er jo sjølvsagt umuleg å generalisere, for som du seier, finst det like mange forfattartypar som det finst mennesketypar. Kanskje. Det veit ein jo ikkje heilt sikkert. Kanskje finst der til dømes kun fire forfattartypar, medan der finst tjue mennesketypar. Men nok om det.

Eg synest heller ikkje det er nokon samanhang mellom å skrive god litteratur og å like merksemd, eller omvendt. Men eg trur den offentlege merksemda kan verke på to måtar for dei som blir eksponerte: Den kan verke oppbyggande og motiverande, eller skremmande og skape prestasjonsangst.

Det kan godt vere at min antipati mot Langeland påverka mi lesing av hans bok i negativ retning, at eg umedvite ikkje ville like den. Samtidig føler eg ikkje at det var slik. Eg gledde meg til å lese den, eg håpte den var bra, og eg synest ei stund også at den var det. Eg var også svært skeptisk til Helene Uri som person, men likte då "De beste blant oss", likevel. Men det betyr ikkje at eg har veldig stor tru på dei andre bøkene hennar.

Eg trur eg rett og slett føretrekk, som eg også skriv i innlegget, å vite minst muleg om forfattaren når eg les ei bok. Eg kan vite opprinnelsesland, ca. alder, kanskje bittelitt om bakgrunnen til vedkomande, men meir enn det vil eg ikkje vite. Eg har det på same måte med kunst og musikk, også.

Kanskje synest eg rett og slett mange kunstnarar får eit uappetittleg digert ego.

leselama sa...

Noen ganger føler jeg som deg, at kunstneren kommer i veien for kunsten. Spesielt i de tilfellene der jeg opplever kunstneren som negativ på ett eller annet vis. (Og det hender det jo sannelig at man gjør!)

På den annen side, om man opplever en kunster som særdeles morsom, intelligent, kreativ, behagelig, kunnskapsrik osv. - så kan det faktisk også hjelpe meg til kunsten. Få meg til å ønske å finne ut av hvilke "produkter" dette mennesket har å tilføre verden generelt - og selvsagt meg spesielt.

Jeg vil gjerne tro at de fleste av oss etterstreber objektivitet og evne til å skille kunstner og kunst, men jeg vet sannelig ikke om det er helt mulig i dagens mediasamfunn...

Aina sa...

Ja, det kan eg vere einig i. Men ein kunstnar som gir eit positivt inntrykk av seg sjølv, treng likevel ikkje naudsynleg fenge meg med kunsten sin. Men eg forstår kva du meinar.

Eg har t.d. eit betre inntrykk av Håkon Bleken no som eg har lese to intervju med han der han framstår som intelligent og oppegåande, enn eg hadde då eg berre hadde sett eit av bileta hans på kunstmuseet. Dette sporar meg kanskje i sin tur til å sjå med nye auge på maleria hans, og finne ut om dei likevel har noko å gi meg.

kristine sa...

Jeg føler at jeg kom ut som veldig pro-eksibisjonister, men egentlig er jeg enig meg deg i at om en forfatter er synelig eller usynelig egentlig ikke har noe med å være god forfatter eller ikke. Ikke noe er som en god leseropplevelse etter at man har gått langs hyllene på biblioteket og bare blitt grepet av en tittel uten å vite noe av forfatteren.

Men jeg tror ikke forfatteren er helt død.

Aina sa...

Det trur ikkje eg heller. Eg synest eigentleg heller ikkje det er eit mål i seg sjølv. Bøker er no ein gong skrivne av menneske med tankar og meiningar og kjensler og behov. Men det kan vere veldig befriande å sjå bort frå forfattaren.