22. september 2007

Metal-konsert

Ein skikkeleg metal-gitar
Eg er ikkje spesielt glad i metal, eller heavy, som vi kalte det då eg var fjortis. Likevel blei eg med ei god venninne, kjærasten hennar og ein kompis av dei på metal-konsert i går på ein uteplass i Oslo som heiter Maiden. Det var veldig interessant.

På grunn av venninna mi og kjærasten hennar kjenner eg nokre folk i metal-miljøet (vel å merke i Trondheim), så der var faktisk ein del kjende fjes. Og ettersom det var eit Trondheimsband som spelte, Griffin, kjende eg også fjesa til nokre av musikarane.

Som sagt er eg ikkje spesielt glad i metal. Eg hadde utstyrt meg med øyreproppar, ei pils og eit ope sinn, og var klar til å bli fillerista innvendig. Slik blei det ikkje. Musikken var keisam og flat, sjølv om nokre av musikarane var veldig dyktige. Men opptredenen til slike band er uansett ganske fascinerande. For det første har alle mannfolka veldig langt hår og veldig stramme bukser. Gjerne litt naglar også, og stort sett svarte kle. Det første dei gjorde var å kaste på håret, som i ei sjamporeklame. Deretter brølte det laust.

Metal-sjangeren fascinerar meg fordi artistane på same tid er veldig maskuline og tøffe, og veldig feminine, med det lange håret dei kastar rundt på. Ein annan ting eg syns er rart er trekantgitarane dei brukar. Og dette bandet her var veldig åttitals i uttrykket. Men ei interessant oppleving, absolutt. Sjølv om eg blei litt skuffa over trøkket.

Ingen kommentarer: