23. oktober 2007

Trøysta

Eg er sjuk og heime frå jobb, noko som ikkje er spesielt morosamt. Heldigvis kom det nokre forundringspakker i posten i går, slik at eg har noko å trøyste meg med.

Endeleg kom boka til neste lesesirkelmøte, Fru Marta Oulie, av Sigrid Undset. Eg har allereie lese halve boka, og må seie at eg er mektig imponert. Fru Marta Oulie er skriven i dagboksform, og byrjar med dei berømte orda:

"Jeg har vært min mann utro"

noko ein skulle tru var eit ganske brennbart tema for hundre år sidan, då boka kom ut. Boka inneheld fine skildringar av forholdet mellom Marta og det som blir ektemannen Otto, og for oss som er opptatt av Oslohistorie, er det morosamt å høyre utsikta frå Grefsen skildra som grøne marker som strekker seg nedover mot byen.

Eg fekk også den nye kostymedramaserien frå BBC som eg har bestilt frå Amazon: Middlemarch, basert på romanen ved same namn av George Elliot (eig. Mary Anne Evans) frå 1871. Middlemarch vert av Virginia Woolf omtalt som "one of the few English novels written for grown-up people", og er rekna som ein av dei store viktorianske romanane.

Noko å kose seg med når ein må ligge på sofaen og keie seg.

4 kommentarer:

kristine sa...

Og så har du ikke sagt at du sitter å ser på Rufus Sewell!!! Eller kanskje det bare er jeg som ikke har fått med at han er i Middlemarch.

Aina sa...

Er han ein hønk, er det det du prøvar å seie? Hihi. Eg har ikkje byrja å sjå enno, er framleis i gong med "Anne fra Bjørkely".

Oda sa...

Åh ja, Rufus er deilig i den serien. Bare gled deg :)
Visste ikke at den fantes på dvd, men det burde jeg jo ha tenkt meg. Sitter her i senga jeg også, kunne godt ha tenkt meg et gjensyn akkurat nå.

Aina sa...

Herleg!