Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Harry Potter. Vis alle innlegg

11. august 2008

Harry-helg

Det var godt å ta eit par rolege dagar denne helga, etter å ha vore på reisefot og hatt nokre hektiske dagar dei siste vekene. Verken laurdag eller søndag sette eg fot utanfor døra, med unntak av laurdagskvelden, då eg sette foten både utanfor mi dør og innanfor ein del andre dører, og ut igjen, for å uttrykke meg litt kryptisk.
Men tilbake til den rolege biten.

Det blei mykje sitjing og ligging i helga, og grunnen til at det både var så godt og så freistande skuldast, i tillegg til det triste vêret, eit kjært gjensyn med Harry Potter and the Half-Blood Prince. Eg har lese og lese og lese, vatna plantar, rydda litt og lese meir.
I dag då eg stod opp kasta eg eit lengselsfullt blikk på det fargerike bokomslaget, og kjende at eg gler meg til å kome heim frå jobb i ettermiddag for å lese meir. Sjølv om eg veit kva som skjer, sjølv om eg har lese boka to gongar før.

Og etterpå skal eg lese den aller siste boka i Harry Potter-serien, Harry Potter and the Deathly Hallows. Og viss eg likevel ikkje er lei, er det jo berre å byrje heilt på byrjinga igjen, med The Philisophers Stone. Livet er godt.

31. juli 2008

Eit sukk av vellyst

No som traileren til den neste Harry Potter-filmen er ute, og den vakre, velkjende kjenningsmelodien kling så fint for mitt indre øyre, har eg fått skikkeleg lyst til å lese bøkene omigjen. Og det er det jo heller ingenting i vegen for at eg gjer. Kanskje byrjar eg allereie i dag! Eg må jo uansett ha med meg ei bok på toget i helga, så kva betre enn eit kjært gjensyn med HP? Om eg byrjar på byrjinga eller ganske enkelt les sisteboka omigjen, veit eg ikkje. Eg får sjå kva kriblinga i fingertuppane seier når eg kjem heim til bokhylla.

Eg kjenner også på lysta til å lese Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige av Dag Solstad. Snakk om ulike lyster. I tillegg har eg lyst til å lese ut boka eg held på med - endeleg ei Ngaio Marsh-bok som har falle i smak! Eg skulle ønske eg kunne lese alle bøkene eg har lyst til, samtidig!

30. juli 2007

Sommarlesing

Det er ferie, og eg blir entusiastisk i lesinga.

Eg las ut den 600 sider lange Harry Potter-boka på to dagar før eg reiste på hyttetur, og var strålande fornøgd med avslutninga på serien. Etter dette har eg sett i gong med to nye bøker, begge lett og morosam ferielektyre, nemleg den inntil nyleg ukjende There Is A Tide av mi yndlingskrimdronning Agatha Christie, og ei gjenlesing av Douglas Adams morosame Haikerens guide til galaksen. Eg har alle fem haiker-bøkene, kanskje blir det til at eg les oppigjen alle saman.

I tillegg les eg debuten til Dag Solstad, ei novellesamling kalla Spiraler, som eg ikkje er blitt spesielt imponert over, men som fekk gode kritikkar då den kom i 1968, og som framviser trekk som seinare skulle bli særeigne for den meir mogne forfattaren. Eg har også byrja på neste lesesirkelbok, nemleg Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen, som eg liker relativt godt, sjølv om forfattaren snirklar seg avgarde med utbroderingar av det meste, men som så langt ikkje kan måle seg med den imponerande Beretninger om beskyttelse.

På toppen av det heile les eg litt diverse av norske forfattarar for å lære av dei, deriblant har eg såvidt byrja på Morgon og kveld av Jon Fosse, som skal vere ein svært god - og tynn - roman, heilt utan punktum.

23. juli 2007

Harry Potter and the Deathly Hallows

Den siste boka i serien om Harry Potter låg i postkassa og venta på meg då eg kom heim frå ferie i går. Eg la meg tidleg og byrja å lese. Det gjekk med i overkant av hundre sider, før eg måtte legge inn årene i totida, og det første eg gjorde då eg vakna i dag var å lese vidare.

Det er verkeleg herleg å lese ei splitter ny bok om min kjære Harry Potter og vennane hans. Det store spørsmålet er sjølvsagt kven vil vinne, Harry eller vonde Voldemort, eller som Ark så tabloid uttrykte det på store vindaugsplakatar: Hvem vil dø?

I tillegg skal eg på kino seinare i dag og sjå den nye Harry Potter-filmen, som er basert på den femte boka i serien, Harry Potter and the Order of the Phoenix. Blir spennande, det også!

O, lykke!

20. juni 2007

"Nei!"

utbraut eg, då eg såg følgjande, skremmande overskrift på aftenposten.no:

"Harry Potter-bok blir en måned forsinket".

Lettare oppskjørta klikka eg meg inn på artikkelen, og kunne raskt puste letta ut: Det er berre den norske oversetjinga som kan bli forsinka (og garantert den danske; det er visst tid for agurknytt), medan eg framleis får boka sendt frå England i postkassa mi den 21. juli; akkurat i tide til å ta med på hyttetur...

Og apropos Harry Potter, så kjem jo den neste filmen også i sommar, Harry Potter and the Order of the Phoenix. Venninna mi Maria blei mektig skuffa då ho innsåg at vi ikkje får sett den saman (og kven skal ho då sjå den saman med?!), medan eg sannsynlegvis får sett den i heimbyen min saman med bror min, kona og barna.

Og apropos filmatisering av gode og intelligente barne- og ungdomsbøker, så ser eg at den første boka i Den mørke materien, Det gylne kompasset kjem på kino ved juletider, med sjølvaste Nicole Kidman i rolla som "sjefsheksa". Det blir jo morosamt. Bileta eg har sett frå filmen så langt stemmer ikkje heilt overeins med bileta eg sjølv har laga i hovudet, men slik blir det jo alltid.