30. juli 2007

Sommarlesing

Det er ferie, og eg blir entusiastisk i lesinga.

Eg las ut den 600 sider lange Harry Potter-boka på to dagar før eg reiste på hyttetur, og var strålande fornøgd med avslutninga på serien. Etter dette har eg sett i gong med to nye bøker, begge lett og morosam ferielektyre, nemleg den inntil nyleg ukjende There Is A Tide av mi yndlingskrimdronning Agatha Christie, og ei gjenlesing av Douglas Adams morosame Haikerens guide til galaksen. Eg har alle fem haiker-bøkene, kanskje blir det til at eg les oppigjen alle saman.

I tillegg les eg debuten til Dag Solstad, ei novellesamling kalla Spiraler, som eg ikkje er blitt spesielt imponert over, men som fekk gode kritikkar då den kom i 1968, og som framviser trekk som seinare skulle bli særeigne for den meir mogne forfattaren. Eg har også byrja på neste lesesirkelbok, nemleg Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen, som eg liker relativt godt, sjølv om forfattaren snirklar seg avgarde med utbroderingar av det meste, men som så langt ikkje kan måle seg med den imponerande Beretninger om beskyttelse.

På toppen av det heile les eg litt diverse av norske forfattarar for å lære av dei, deriblant har eg såvidt byrja på Morgon og kveld av Jon Fosse, som skal vere ein svært god - og tynn - roman, heilt utan punktum.

5 kommentarer:

leselama sa...

"Morgon og kveld" er en bok jeg likte svært godt. Men så synes jeg jo også svært godt om Jon Fosses ting. ;-)

Aina sa...

Sjølv har eg ikkje fått heilt sansen for han enno. Eg byrja med å lese "Auge i vind" - ein flott tittel, men eg har litt problem med dei stadige gjentakingane, messinga i teksten. Difor fekk eg tilrådd å lese dei tidlege dikta hans, og då eg likte dei, fekk eg tilrådd to romanar som skal vere gode, "Morgon og kveld" og "Bly og vatn". Så då skal eg lese dei også.

leselama sa...

Jeg veit faktisk om ei som rett og slett ble litt svimmel og kvalm av disse gjentakingene og den monomane masinga i tekstene hans. Så det er litt voldsomt til tider ja. ;-)

Men jeg synes nå det er artig også jeg da. Det skaper en helt unik stemning, det er som om teksten vibrerer noen ganger. Nervøst eller elektrisk.
Jo - jeg liker Fosse! Så definitivt. :-)

Aina sa...

Så flott!
Eg skal definitivt gi han ein seriøs sjans til å vibrere meg ;)

leselama sa...

Ha, ha, ha! Supermorsomt! Det var dagens lille rundsmil! :-)