6. august 2007

Haust

Det er kanskje litt tidleg til å kjenne på hausten, men ferien er jo over og vêret har igrunnen vore haustleg sidan juni...

Så sjølv om eg håper på ytterlegare sommardagar, badetemperaturar, utepils- og parkgrillingsvêr, så har eg tatt på meg hausthammen og byrja tenke i haustmodus. Her forleden byrja eg å lure på om det var på tide å bytte ut sommargarderoben med vinter. Modusen inneber også at eg byrjar å hamstre bøker og filmar frå biblioteket, bokklubben og Amazon, og her ein dag bestilte eg ein ny kostymedramaserie, The Tenant Of Wildfell Hall, ei filmatisering av Anne Brontës roman med same namn frå 1848. Eg har også bestilt den neste boka i serien om litteraturdetektiven Thursday Next, Something Rotten, som eg gler meg til å lese.

Ingen kommentarer: