Det er ein livsfarleg gasslekkasje på skulen, alarmen går og elevane blir evakuerte i hui og hast. Men kor er det blitt av Lill Miriam? Klarer nokon å finne henne att før det er for seint?
I den nye romanen til Marit Kaldhol, ZWEET, møter vi dei tre tiandeklassingane Lill Miriam, Susan og Ruben, som har fått liva sine filtra inn i kvarandre på ulike vis, på godt og på vondt. Mange vil hugse Lill Miriam frå novella Alle vi, frå boka med same namn. I den oppskakande novella forlèt vi henne på stranda, utan å vite om ho lever eller er død. No får vi vite at ho har overlevd, men at ho framleis blir halden utanfor på skulen. Ho er ikkje slik som alle dei andre i klassa, ho tenker annleis, oppfører seg annleis og har andre interesser og behov. Medelevane kallar henne berre for Syndromet og klarer visst ikkje å berre late henne vere annleis, vere i fred. Det er som dei plagast av det, av nokon som ikkje er som alle dei andre.
Men det er ikkje alle som vil Lill Miriam vondt. Ruben er også litt annleis og utanfor, og han og Lill Miriam utviklar ein sterk venskap. Kanskje han er den som kan redde henne? Vi møter også Susan frå Alle vi. Ho er ei av dei som har halde Lill Miriam utanfor og mobba henne, men då Lill Miriam forsvinn byrjar ho å tenke, meir og meir. Klarer ho å leve med det ho har vore med på og med at Lill Miriam blir borte ein gong for alle?
Her er ein smakebit frå boka, frå Lill Miriam si historie:
imago
Klokka er 16.58.
Eg drikk litt vatn.
Tenker på mi kjære apis melifera.
Eit holometabolt insekt.
Skapt ved forvandling.
Skapt til å bli noko heilt anna enn ho var som egg.
Egget utviklar seg til larve.
Larven er utan venger, utan eigentlege bein.
Utan kroppsdelar.
Han liknar ikkje i det heile tatt på ei vaksen bie.
Før forvandlinga skal skje, gøymer larven seg.
Han spinn eit hylster omkring kroppen, gjer seg
usynleg for andre.
Trådane i hylsteret er tynnare enn draumar.
Til saman er dei likevel sterke
som det sterkaste ønsket nokon kan ha.
Puppestadiet er ventetida.
Så begynner noko å skje. Noko
inne i puppen rører på seg. Ristar på seg.
Dirrar. Pressar på.
Puppen sprekk opp. Sekundet er der.
Den forvandla kjem ut.
Ein heilt ny skapning
faldar ut vengene for første gong.
Sollys på årenettet.
Ho er vaksen. Imago.
Ho er blitt den ho skulle bli.
Ho kan flyge.
Viser innlegg med etiketten Marit Kaldhol. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Marit Kaldhol. Vis alle innlegg
6. mai 2015
27. januar 2015
Bra start

Også i år er det nynorskingane som dominerer kategorien Årets roman. Både eg og Marit Kaldhol skriv på nynorsk, medan Ida Hegazi Høyer skriv på bokmål. For oss som skriv nynorsk og veit kor mykje god nynorsk litteratur som finst, er slike prisnominasjonar viktige, ikkje berre for dei einskilde bøkene, men også for språket vårt. Om Bokbloggerprisen kan få fleire lesarar til å krysse nynorskterskelen, er det ein stor bonus, slik eg ser det. Nynorsk i dag er jo ikkje noko vanskeleg å lese, tvert imot er det eit flott språk som ikkje er noko å vere redd for.

I Open klasse er det i år ein ungdomsroman, ei sakprosabok og ei novellesamling som er nominert, nemleg De som ikke finnes av Simon Stranger, Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson og Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi.
Det neste halvåret blir det lagt opp til samlesing av dei nominerte bøkene, og Finne ly skal til pers i mars. Eg gler meg til å sjå kva folk synest om boka. Meldingane og omtalane har vore overveldande positive så langt, men ein veit jo at ein aldri kan treffe alle lesarar med ei og same bok. Det ville igrunnen vore trist om alle likte og mislikte akkurat det same.
Eg lurer på om eg skal vere med på samlesinga sjølv, sånn i all stillheit, for det er berre Marit Kaldhol si bok eg har lese så langt.
Den andre kortlista er til Verdas beste nynorske blogg, som blir kåra for første gong i år. Denne nominasjonen må eg innrømme at eg føler er litt ufortent, då eg skriv altfor lite her inne for tida, men det er no kjekt likevel, og det er mange andre gode bloggar på lista, så det er berre å gå inn og lese og stemme. HER kan de gjere det. Måtte den beste og nynorskaste bloggen vinne!
12. januar 2015
Bokbloggerprisen 2014
Året startar bra med ein kjekk nominasjon til Bokbloggerprisen 2014, i kategorien Årets roman.
Særleg kjekt er det fordi eg veit at mange av dei som står bak nominasjonane les svært mykje og er godt oppdatert på dei bøkene som kom ut i 2014, og fordi 2014 i mi meining var eit sterkt romanår, der mange av mine personlege favorittar kom med nye og gode bøker.
Eg er også glad fordi eg er nominert saman med to forfattarar eg set høgt, nemleg Marit Kaldhol og hennar fine roman det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz, og Carl Frode Tiller og hans etterlengta Innsirkling 3, som eg har venta spent på i tre år, frå eg las ut dei to første bøkene i trilogien altfor fort i 2011. Dei andre bøkene i kategorien har eg ikkje lese enno, men kanskje er dette ein god grunn for å gjere det?
Den andre kategorien, Åpen klasse, har også mange sterke bøker i ulike sjangrar som er vel verd å sjekke ut.
Dette er langlista, kortlista blir offentleggjort om nokre veker. Så får vi sjå om Finne ly får vere med vidare eller ikkje. Uansett er det kjekt med ein nominasjon!

11. november 2012
darwins sporvar
![]() |
ei bok som er fin både inni og utanpå |
Eg har lese ei sterk og fin lita bok, som omhandlar eit vanskeleg tema: ei mor som forlèt si einaste dotter. Det er den siste romanen til Marit Kaldhol eg snakkar om, og som alltid er språket finslipt, bileta sterke og sanselege. I darwins sporvar er det like mykje poesi som prosa.
Det er mange fine passasjar i boka, mellom anna desse:
---
Metallet under hendene våre.
Måsane skrik.
Det dryp frå kjettingane.
Vi går ned under kaia, inn i det grågrøne lyset.
Steinane er sleipe.
Han finn ein tom kråkebolle, lèt fingrane gli langs det
kvite mønsteret.
Alle piggane har falle av.
---
Fortøyingane, kjettingane i tunge bogar.
Grøne, algegrodde, drypande.
Lengten etter å vere fortøyd.
Kjetting gjennom skjelettet.
Slikke metallet, kjenne smaken av jern på tunga.
Eg er ikkje redd for å drukne, ikkje redd
for å stire i brønnen.
Eg er ikkje redd.
Eg er grøn, drypande.
Havet piskar mot kysten, skurar berget.
10. september 2010
små skjelpadder, driv tilfeldig omkring i havet
Marit Kaldhol har kome med ein ny ungdomsroman denne hausten, ein sterk roman: poetisk, vakker, frykteleg: søkeord: ayotzintli.
Boka blir av forlaget (Samlaget) omtala som punktroman og består av fleire stemmer. Først møter vi unge Mikke gjennom hans datadagbok, han skriv om små skjelpaddar som driv tilfeldig omkring i havet, om kameratar, kjærasten Siri, om å ikkje sove, om skip i mørkret. Plutseleg sluttar dagboka. Stemma til mamma tek over.
Det er mamma sine tekstar som er dei sterkaste å lese, det er her vi skjøner kva som har hendt:
Klikket i låsen den kvelden vi kom heim. Opna døra, steig inn, kjente den unaturlege stilla i gangen. Lufta tett av størkna stille.
Med ein gong forsto eg. Stilla fortalte meg det eg enno ikkje kunne vite. Som om det eg snart skulle få vite kom meg til møtes.
Eg sette ned kofferten. Idar og eg såg på kvarandre. Ikkje ein lyd, ikkje eit knepp, bare steinhard stille.
Kvasse sagblad kappa opp tankane.
Boka sluttar med brev frå dei andre som har vore nær Mikke: pappa, Idar, Siri, Sverre, Tore. Ulike røyster, ulike perspektiv, men sorga er den same. Ei sorg over nokon som har vald å forsvinne.
Utdrag frå Mikke si dagbok:
18.02. kl. 23.05
av alle dyr er mennesket det einaste som reflekterer over sin eigen eksistens. som spør etter meininga med livet. som tenker over at vi lever og at vi skal dø. mennesket er det einaste vesenet som er i stand til å avslutte sitt eige liv, som er klar over at vi har eit reelt val. dei einaste som kan halde kvarandre kunstig i live.
og enda er vi bare samansette av millionar av celler.
korleis er cellene blitt programmerte til å utføre akkurat den jobben dei skal? korleis kan eg vere meg medan cellene heile tida endrar seg, forsvinn, blir erstatta av nye?
det er i cellene livet finst. små kjernar, tynne hinner

5. februar 2010
Utdrag frå ein poesiroman
eg vil ikkje sitte på ein benk i hagen
og huske på før i tida.
sitte med strikketøyet og tenkje
på då du var liten. eller
då du var i magen min.
benken har avskala kvitmaling ytst
på endane. men god svai i ryggen.
krukker med begonia og avlange kasser
som det heng blomkarse frå.
kaffekjelen på ei helle ved sidan av.
katt har eg også.
og strikketøy. spøtet mitt.
tidleg morgon i juni, litt solskin.
Frå poesiromanen Maria av Marit Kaldhol (1985).

5. desember 2008
Stripekalven

Marit Kaldhol har sendt meg si og Justyna Nyka si siste biletbok, Stripekalven.
Eg sette meg sporenstreks ned og las. Det er ei veldig fin bok, med flotte og særeigne illustrasjonar. Marit Kaldhol og Justyna Nyka har også tidlegare samarbeidd om fine, unike bøker, mellom andre ei av dei finaste diktsamlingane eg veit om, ho som ror.
Stripekalven handlar om ein liten kalv som blir åleine i skogen etter at mor reiser til byen for å kjøpe nye sko. Og så kjem mørke Nekut og legg seg nedover han.
Kalven ser ikkje skogen.
Ikkje vegen inn i skogen.
Ikkje vegen ut av skogen.
Ikkje seg sjølv i skogen.
Kalven ser ingenting.
Nekut er det svartaste som finst.
- Slepp meg ut, Nekut! ber Kalven.
Nekut svarar ikkje.
Nekut rikkar seg ikkje.
14. oktober 2008
Poesitid
Dette skuldast 1. at eg ikkje har skikkeleg radio heime, men ein billeg drittradio som skurrar på våte konsonantar, 2. at eg heller ikkje har skikkeleg radio til å gå rundt med, dvs. eg har ikkje iPod (*skrik!*) og sjølv om mobilen har radio er høyretelefonane så ukomfortable at eg ikkje gidd å bruke dei, i tillegg til at batterikapasiteten byrjar å bli mildt sagt påklageleg, 3. at eg ikkje har hatt noko til overs for radio, fordi eg lenge ikkje skjønte at radio også var noko anna enn P3, og eg lenge var for ung til å skjøne meg på P2 og P1.
Men eg er altså blitt flinkare til å lytte til nettradio, og programma eg vil trekke fram her dreier seg (sjølvsagt) om litteratur.
Eg har høyrt Poesitid dei siste to helgene. No i helga fordi Hilde Myklebust var gjest der, og las og fortalde frå si nydelege nye diktsamling Søkk, som eg vil kome med fleire utdrag frå, trur eg (ikkje så mange at Hilde eller forlaget byrjar reagere, sjølvsagt), og helga før fordi Marit Kaldhol var gjest og las frå si nydelege diktsamling ho som ror. Dette er altså ei tilråding.
nrk.no/nettradio.
Eg har også lytta til Radiofront, der Nils-Øivind Haagensen er ny leilighetsdikter og diktar dikt til ære for programmet, så vidt eg har skjønt. Kanskje ikkje kvar gong, men iallfall ved leilighet.
4. juli 2008
Krim = sjuk
Først las eg Den døde kjem tilbake, som er den einaste av Patricia Wentworths klassiske kriminalromanar som er omsett til norsk. Miss Silver på nynorsk var ikkje så verst. Plottet var ikkje så verst, heller, sjølv om det som vanleg i alle Wentworths bøker manglar det store klimakset i oppklaringa vi alle ventar på, og er så godt vane med frå bøkene til Agatha Christie og Dorothy L. Sayers. Deretter las eg Garmanns sommer skikkeleg nøye, og koste meg med alle dei små, fine detaljane i illustrasjonane til Stian Hole. Dette var sannsynlegvis etter at eg hadde lese teksten hans i Årboka Litteratur for barn og unge 2008, der det også stod om Marit Kaldhols Kino (begge desse bøkene vart prislønte i 2006), - som er noveller for unge som alle byrjar med same setninga: "Handa held den store saksa", men utviklar seg i alle slags retningar etter det -, for eg las også Kino like etter.
Så byrja eg på neste krimroman, og denne gongen var det P.D. James og hennar førstebetent Adam Dalgliesh som - eg heldt på å seie - fekk unngjelde. Novel. Eg har lese ut 2/3 av boka, og er ikkje like skuffa over P.D., som eg er over dei fleste andre nyare krimforfattarar. P.D. er trass alt kjent for å ha behaldt noko av elementa frå den klassiske, britiske krimen, og derfor er det ikkje like keisamt å lese om Dalgliesh, som om dei fleste andre fordrukne, skilte, operaelskande, mannlege detektivane der ute. Dalgliesh er, til forandring, lyrikar og verkar ikkje særskilt fordrukken, iallfall ikkje i denne boka, Det svarte tårnet.
Men no er eg frisk, så når eg har lese ut denne siste krimboka, er det tilbake til kvardagen og den seriøse litteraturen... (her hadde det passa med eit geipesmileteikn)
8. mars 2008
For å feire kvinnedagen
Etterpå skal eg på iscenesett lesing av Marit Kaldhols stykke Sommarfuglhonning på Det åpne teatret. Stykket vart maltraktert av regissøren under Norsk Dramatikkfestival, og eg gler meg til å høyre teksten slik han faktisk var meint og skriven.
7. januar 2008
Ho som ror
STØVLANE
i gangen står støvlane
det er moldklumpar på dei
høge støvelskaft
gaper
grå ullsokkar heng over kanten
ein stad i huset kviler bestefar middag
men snart
skal føtene hans fylle mørket inni støvlane
skal støvlane gå ut stige over grøfter
skal bestefar stå sjå peike
i støvlane sine
BAKOM SKJORTEKNAPPANE
mødrene hadde hud
bestemødrene hadde hud
oldemødrene hadde hud
hud hår hender fingrar
som fann små knappar
i skjorta til guten han med augene
søstrene tantene venninnene
dei ler svingar ljåane svingar rivene svingar
får det til
å svinge kastar alt lener seg
mot det som finst
bakom skjorteknappane
ho ser dei raude munnane
alle vil smake
Marit Kaldhol: Ho som ror (2007)

19. desember 2007
Jul, jul, jul, jul!
På jobb har eg altfor mykje eg ikkje rekk å bli ferdig med før jul, men som eg burde bli ferdig med, ettersom eg har avansert og skal inn i ei høgare stilling frå nyttår. Utanom jobb skjer det som vanleg mykje kjekt, denne veka nokre kafébesøk med gode vennar, innkjøp av dei siste julegåvene, og pakking. Eg er også invitert på ein tradisjonell amerikansk Egg Nog-fest i morgon, men trur pakkinga må prioriterast. Eg vonar eg får fleire høve seinare.
I går las eg ut Skammarteiknet, og er framleis nøgd med serien. Det gjenstår no to bøker, og eg kjem til å lese dei, òg. Eg kjenner eg gler meg allereie til Avil skal gi ut sin fantasyroman for vaksne kvinner som eigentleg ikkje likar fantasy. Eg er nemleg ei av dei.
Og no ventar den annonserte julelektyren. Eg held meg til planen, og les Historikeren og Det er Ales. Skal også snike meg til å lese dei siste bøkene om Anne fra Bjørkely, som står på jenterommet heime. Dei har eg ikkje lese på ti år, om ikkje lenger.
Elles blir det nok tid til litt av kvart denne jula, håper eg. Det er mange å møte, familie, gamle vennar og nyare vennar. Det er også nokre konsertar å gå på, blant desse ein kveld med jazz og poesi, der Marit Kaldhol skal lese opp. Det blir nok flott.
Eg nyttar dette juleinlegget til å ønske alle mine nye og gamle lesarar ei riktig god jul, eit godt nytt år, og takk for det gamle!
14. oktober 2007
Tekst vs. regi
Dette er aktuelle spørsmål i kjølvatnet av denne helgas oppsetjing av Marit Kaldhols Sommarfuglhonning på Det Norske Teatret, som ein del av Norsk Dramatikkfestival/ Samtidsfestivalen.
Stykket handlar tekstleg sett om ei kvinne som kjem tilbake til barndomsheimen etter mora sin død, og etter kvart innser at forholdet mellom henne og mora ikkje var eit godt forhold, men eit incestuøst overgrepsforhold. Etter bearbeiding for scena er imidlartid denne historia endra, til å bli ei historie om Natascha Kampusch og ein kidnappar som kler seg ut som mor og som har ei slags dobbeltrolle overfor den kidnappa jenta; på den eine sida som seg sjølv, altså ein mannleg kidnappar, og på den andre sida "mor" i eit forskrudd rollespel.
Dramatikaren sjølv sa at den kanskje største forskjellen mellom hennar tekst og den sceninske framstillinga, er grunnstemninga. Der teksten hennar er stille, er den sceniske framstillinga støyande. Ho sa at ein må rekne med at teksten blir endra når ein leverar han frå seg på denne måten, men at ho nok hadde venta og håpt at han i større grad ville blitt behaldt slik ho skreiv han og i tråd med det ho sjølv såg for seg medan ho skreiv stykket. Konklusjonen i debatten etterpå synest å vere at dersom ein skal gjere så dramatiske endringar med ein debuterande dramatikar sin tekst, bør der også vere anten ei opplesing av teksten som kontrast, eller to ulike oppsetjingar - ei som følgjer teksten, og ei som ein kontrasterande adapsjon.
Interessante spørsmål. Eg skulle gjerne likt å høyre/ lese/ sjå stykket slik det var skrive.
Elles blei det referert til denne bloggen under intervjuet med Marit Kaldhol etter framsyninga. Intervjuaren hadde tydelegvis googla litt og kome over diskusjonane her i bloggen. Det er alltid morosamt å bli lesen!
3. oktober 2007
På den kulturelle agendaen
Eg er vinden
Som eg tidlegare har skrive, skal eg på to kjekke kulturelle arrange-ment i den næraste framtida, nemleg på opninga av Litteraturhuset førstkomande fredag, og på urpremiera av Sommarfuglhonning av Marit Kaldhol på Det Norske Teatret neste helg.
No har det også dukka opp to andre kulturelle arrangement eg skal delta på denne hausten.
Det første eg skal få med meg er Eg er vinden av Jon Fosse på Nationaltheatrets hovudscene mot slutten av oktober. Eg har høyrt mykje fint om Jon Fosse som dramatikar, men har aldri tidlegare sett stykka hans. Det skal difor bli spennande å sjå denne samtidsdramatikaren frå ei stor scene. Eg er vinden er opprinneleg eit tingingsverk frå Festspela i Bergen, men skal no spelast også i Oslo. Eg har tidlegare berre lese ei melding av dette teaterstykket, nemleg denne i Dag og Tid i juni i år. Meldaren Kaj Skagen er skeptisk til stykket.
"Dette er langdrygt teater som lever på nåde av namnet til Fosse," skriv han.
"Det er mitt inntrykk at både forfattar og teaterfolk har lagt så stor vekt på forma at innhaldet har vorte forsømt."
Vi får sjå. Kanskje har ikkje eg same meininga som han.
Ein Pikenes Jens
Det andre er av atskilleg lettare kaliber og foregår strengt tatt ikkje om hausten, men i førjulstida. Penthouse Playboys vrikker julen inn er føre-stellinga, og eg gler meg minst like mykje til dette som til Fosse, om enn på ein litt annan måte.
Eg har tidlegare skrive om Jens Pikenes aka Kjetil Rollness at han er for menn det Christine Koht er for kvinner, og at artistnamnet Jens Pikenes er eitt av dei aller beste scenenamna og ordspela eg veit om. Og i år er det sukkersøte Tone Damli Aaberge som skal vere gjest.
Ein førjulstradisjon i hovudstaden, altså, og første gong for min del. Eg gler meg.
No har det også dukka opp to andre kulturelle arrangement eg skal delta på denne hausten.
Det første eg skal få med meg er Eg er vinden av Jon Fosse på Nationaltheatrets hovudscene mot slutten av oktober. Eg har høyrt mykje fint om Jon Fosse som dramatikar, men har aldri tidlegare sett stykka hans. Det skal difor bli spennande å sjå denne samtidsdramatikaren frå ei stor scene. Eg er vinden er opprinneleg eit tingingsverk frå Festspela i Bergen, men skal no spelast også i Oslo. Eg har tidlegare berre lese ei melding av dette teaterstykket, nemleg denne i Dag og Tid i juni i år. Meldaren Kaj Skagen er skeptisk til stykket.
"Dette er langdrygt teater som lever på nåde av namnet til Fosse," skriv han.
"Det er mitt inntrykk at både forfattar og teaterfolk har lagt så stor vekt på forma at innhaldet har vorte forsømt."
Vi får sjå. Kanskje har ikkje eg same meininga som han.
Ein Pikenes Jens
Eg har tidlegare skrive om Jens Pikenes aka Kjetil Rollness at han er for menn det Christine Koht er for kvinner, og at artistnamnet Jens Pikenes er eitt av dei aller beste scenenamna og ordspela eg veit om. Og i år er det sukkersøte Tone Damli Aaberge som skal vere gjest.
Ein førjulstradisjon i hovudstaden, altså, og første gong for min del. Eg gler meg.
Etikettar:
Jon Fosse,
Kultur,
Litteratur,
Marit Kaldhol,
Teater
26. september 2007
Sommarfuglhonning
Sommarfuglhonning er tittelen på Marit Kaldhols aller første teaterstykke, som skal ha urpremiere under den nært føreståande Samtidsfestivalen. Stykket blir spelt på Det Norske Teatret fredag 12. og laurdag 13. oktober, noko eg sjølvsagt har tenkt å få med meg. Her er omtalen av stykket og dramatikaren:
Evy kommer tilbake til barndomshjemmet etter morens død. Minnene trenger på og mor manes fram til et oppgjør som aldri skjedde mens hun levde.
SOMMARFUGLHONNING omhandler det dilemma som et barn står i når overgriper er en nær og elsket person. Den voksne spiller på barnets lojalitet for å oppnå makt. I forestillingsregien beholdes denne grunnkonflikten.
Marit Kaldhol om å skrive dramatikk: "Leitar etter ei form – minst like viktig som innhald – gjerne med surrealistiske trekk, og som er konkret forankra, men filosofisk/poetisk i uttrykket: lyden av noko sprøtt som knekk. Vil kanskje vise fram, heller enn kommentere, nokre paradoksale fasettar av smerter og gleder ved å vere menneske i ei absurd verd."
Marit Kaldhol, født 1955, er lyriker, barne- og ungdomsromanforfatter. Hun debuterte i 1983. SOMMARFUGLHONNING er hennes debut som dramatiker.
14. september 2007
Gløymt bygd
ho som ror
ror innover fjorden
inn der fjell er veggar
inn i det smale rommet
ho ror inn
der ho aldri har vore før
då opnar det seg
då får ho sjå
ei gløymt bygd
grøne bakkar stille hus
tolmodig grusveg
ei trapp å kvile på
ho som ror
ho som tida opnar seg for
ror inn i den gløymte bygda
i brystet
ror opp
i lett lys grøne bakkar
mellom fråflytta hus
Marit Kaldhol: ho som ror (2007)
ror innover fjorden
inn der fjell er veggar
inn i det smale rommet
ho ror inn
der ho aldri har vore før
då opnar det seg
då får ho sjå
ei gløymt bygd
grøne bakkar stille hus
tolmodig grusveg
ei trapp å kvile på
ho som ror
ho som tida opnar seg for
ror inn i den gløymte bygda
i brystet
ror opp
i lett lys grøne bakkar
mellom fråflytta hus
Marit Kaldhol: ho som ror (2007)
Voksduken
kvar ting i si rute
på voksduken
mjølkeglaset i ei rute
asjetten med brødskiva i ei
kniven på skrå
skåla med plommesyltetøy i ei rute
smørfatet i ei
kvithåra jente på krakken
handa flyttar tinga
frå rute til rute, kryssar grenser
linjer av gule blomstrar
bare brødsmulane er strødde
tilfeldig omkring
Marit Kaldhol: ho som ror (2007)
på voksduken
mjølkeglaset i ei rute
asjetten med brødskiva i ei
kniven på skrå
skåla med plommesyltetøy i ei rute
smørfatet i ei
kvithåra jente på krakken
handa flyttar tinga
frå rute til rute, kryssar grenser
linjer av gule blomstrar
bare brødsmulane er strødde
tilfeldig omkring
Marit Kaldhol: ho som ror (2007)
8. juli 2007
Høyre ljåen kome
kjenne gras vekse
opp omkring kroppen
høyre ljåen kome
ligge roleg medan gras fell
sjå at det lysnar, vite
at alt skal skje igjen
Marit Kaldhol: likevel (2000)
opp omkring kroppen
høyre ljåen kome
ligge roleg medan gras fell
sjå at det lysnar, vite
at alt skal skje igjen
Marit Kaldhol: likevel (2000)
Etikettar:
Litteratur,
Lyrikk,
Marit Kaldhol,
Sitat
4. juli 2007
Lyrikk
Mandagen snubla eg innom biblioteket på veg heim, og raska med meg bøker i lyrikksjangeren, samt romanpoesi og prosastykke. Desse:
Jon Fosse. Dikt 1986-1992
Rolf Sagen. Sørgedans (dikt) og Blendverk (prosastykke)
Marit Kaldhol. Likevel (dikt) og I huda er gud ein munn (romanpoesi)
I går var det ei av desse som fengsla meg, og det var ikkje Fosse, men Kaldhol. I huda er gud ein munn har slikt eit driv, ord etter ord, suggererande, gjentakande, utan særleg teiknsetjing, erotisk, interessant, gripande. Eg måtte tvinge meg til å legge henne frå meg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)