Viser innlegg med etiketten Biletbøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Biletbøker. Vis alle innlegg

17. desember 2009

Trist og fin, mest fin


I dag fekk eg endeleg lese Eg kan ikkje sove no, den fine biletboka skriven av Stein Erik Lunde og illustrert av Øyvind Torseter som fekk Kultur- og kyrkjedepartementets pris for beste biletbok i fjor. Les den, du òg. Spennande , fine illustrasjonar og ein var liten tekst som passar godt både å lese høgt og å lese sjølv.

Samlaget sin omtale:

Guten i denne vinternattforteljinga får ikkje sove; då er det godt pappa er der og kan svare på alle spørsmål. For søv dei raude fuglane? Et reven maten deira? Og viktigast av alt: Søv mamma?
I denne stjerneklåre og stillfarande biletbokforteljinga møter vi ein trygg far og ein uroleg gut som tar vare på kvarandre i den store vinternatta.

29. november 2009

Årets julebok


Ein av mine yndlingslyrikarar, Hilde Myklebust, har denne seinhausten kome med si første barnebok, biletboka Jon og den lange julenatta, med fine illustrasjonar av Inger Lise Belsvik.

Eg har følgt boka si tilbliving frå eg første gong høyrte om henne i fjor på desse tider, og i kveld fekk eg endeleg lese henne sjølv. Ho var like fin som venta. Eit nydeleg poetisk og enkelt språk, klare, sterke bilete og sansingar, og ei fin historie om guten Jon som vél å tilbringe julenatta i stallen saman med hesten sin, Tyra, som skal ha føl.

På vegen attende til huset merka ikkje Jon snøen. Det var som om ikkje noko anna fanst enn tanken på det som skulle hende. Han sprang. Trampa opp trappa, kasta seg inn døra og ropte:
- Det kjem i dag! Følet kjem i dag!
Mor og far sleppte det dei hadde i hendene. Ei julekule singla mot golvet. Jon stod i gangen. Kvit av snø, raud av glede.


Det var ikkje fritt for at eg blei litt rørt av den fine forteljinga, og eg veit iallfall om to små jenter som får denne harde pakken under juletreet om nokre veker.

Les utdrag frå, og meir om boka HER.

5. desember 2008

Stripekalven

I dag fekk eg ei veldig fin oppmuntringsgåve i posten.
Marit Kaldhol har sendt meg si og Justyna Nyka si siste biletbok, Stripekalven.

Eg sette meg sporenstreks ned og las. Det er ei veldig fin bok, med flotte og særeigne illustrasjonar. Marit Kaldhol og Justyna Nyka har også tidlegare samarbeidd om fine, unike bøker, mellom andre ei av dei finaste diktsamlingane eg veit om, ho som ror.

Stripekalven handlar om ein liten kalv som blir åleine i skogen etter at mor reiser til byen for å kjøpe nye sko. Og så kjem mørke Nekut og legg seg nedover han.

Kalven ser ikkje skogen.
Ikkje vegen inn i skogen.
Ikkje vegen ut av skogen.
Ikkje seg sjølv i skogen.
Kalven ser ingenting.
Nekut er det svartaste som finst.

- Slepp meg ut, Nekut! ber Kalven.
Nekut svarar ikkje.
Nekut rikkar seg ikkje.

4. november 2008

Bragenominasjonar

Det gler meg å sjå at Stian Hole er nominert til Brageprisen for si andre biletbok om Garmann, Garmanns gate. Hole fekk tildelt Brageprisen i 2006 for forløparen til denne boka, Garmanns sommer.

Til dei som ikkje har lese bøkene til Stian Hole, vil eg sterkt tilrå å gjere det. Bøkene er fine både for barn og vaksne, illustrasjonane små kunstverk mellom permar.

Nokre av dykk hugsar kanskje også at det var Stian Hole som laga det vakre omslaget til Ingen må vite.

For meir informasjon om dei nominerte, sjå HER.

Illustrasjon frå Garmanns gate av Stian Hole.

13. april 2008

Biletbøker

Stian Hole: Den gamle mannen og hvalen
Ein flott sjanger som er lite kjent, er biletboksjangeren.
Og då tenker eg særleg på dei flotte, kunstnariske, norske biletbøkene, som fungerer veldig godt både for barn og vaksne. Altså allalderbøker.

I dag var eg på Litteraturhuset for å høyre og sjå Kristin Roskifte og Stian Hole lansere sine komande biletbøker. Kristin Roskifte har leika mykje med bokstavar, og boksidene ho viste, var både morosame, interessante og gjorde oss nyfikne på å lese og studere bøkene hennar meir. Hennar siste bok, Jorda rundt på 29 bokstaver, verka spennande både for små og store.

Stian Hole, som eg har nemnt her fleire gongar tidlegare, sidan det er han som har laga det flotte omslaget til debutromanen min, viste og las frå si komande biletbok Garmanns gate. Hole har tidlegare fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt for si førre bok, Garmanns sommer, som har vunne prisar både innanlands og utanlands, og som er omsett til fleire språk. Den nye boka er også fin og spennande, og vidarefører Stian Holes unike stil.

Det vart også tid til ein liten prat med sistnemnte. Han kjende meg igjen frå forfattarportrettet, og kom bort for å helse på. Det var sjølvsagt veldig hyggeleg, og kompliment blei utveksla frå begge sider. Eg ser fram til å snakke meir med han, om korleis han jobbar fram dei flotte illustrasjonane han har laga til både eigne og andres bøker. Det er forøvrig han som har illustrert mange av dei nyare bøkene til Lars Saabye Christensen, som er ein av mine norske favorittforfattarar.

4. april 2008

Stian Hole på Litteraturhuset

For dei som ikkje har fått det med seg, er det den utruleg flinke illustratøren og biletbokforfattaren Stian Hole som har laga omslaget til min komande debutroman Ingen må vite. Via den yttarst informative mailinglista til litlive.dk, har eg no fått oversikta over aprils litterære begivenheiter, og ser til mi glede at ein av desse er Bildebokbesøk med Stian Hole og Kristin Roskifte på Litteraturhuset søndag 13. april kl. 13:

Stian Hole fikk Brageprisen for boka Garmanns sommer da den kom i 2006. Nå er oppfølgeren Garmanns gate ferdig, og det er den Stian Hole tar med seg på dette arrangementet. Det blir fine bilder og fine lesninger for små og store mennesker.

Dette vil eg få med meg!
Ein ypparleg sjanse til å ta del i Stian Holes magiske univers, og ikkje minst få høvet til å helse på og takke for det nydelege omslaget han har laga til boka mi.

14. november 2007

Allalderbøker

Illustrasjon frå Garmanns sommer
er eit omgrep Jon Fosse brakte inn i litteraturen ein gong på nittitalet.

Allalderlitteratur er litteratur som vender seg både til barnet og den vaksne. Teksten, og eventuelt illustrasjonane i ei bok, har ei dobbel tyding eller ei dobbel stemme. Døme på allalderbøker er biletbøker, som t.d. Brageprisvinnar Garmanns sommer av Stian Hole. Desse bøkene har eit ytre handlingsplan berekna på barnet, og eit symbolsk plan berekna på den vaksne.

Det kan også vere ungdomsbøker eller fantasylitteratur, som inneheld ordspel, ironi eller parodiar mynta på den vaksne lesaren. Illustrasjonane kan også ha fleire lag, og slik vere spennande både for barna og dei vaksne, på ulike måtar. Gro Dahle og Svein Nyhus er andre forfattarar som har arbeidd innanfor denne sjangeren.

Eg meinar at også Harry Potter-bøkene, Ringenes Herre-bøkene og Phillip Pullmans trilogi Den mørke materien, er gode døme på allalderbøker. Også bøker av Roald Dahl kan kome innunder sjangeren, til dømes Matilda og Heksene.