6. mai 2015

TRÅDANE I HYLSTERET ER TYNNARE ENN DRAUMAR

Det er ein livsfarleg gasslekkasje på skulen, alarmen går og elevane blir evakuerte i hui og hast. Men kor er det blitt av Lill Miriam? Klarer nokon å finne henne att før det er for seint?

I den nye romanen til Marit Kaldhol, ZWEET, møter vi dei tre tiandeklassingane Lill Miriam, Susan og Ruben, som har fått liva sine filtra inn i kvarandre på ulike vis, på godt og på vondt. Mange vil hugse Lill Miriam frå novella Alle vi, frå boka med same namn. I den oppskakande novella forlèt vi henne på stranda, utan å vite om ho lever eller er død. No får vi vite at ho har overlevd, men at ho framleis blir halden utanfor på skulen. Ho er ikkje slik som alle dei andre i klassa, ho tenker annleis, oppfører seg annleis og har andre interesser og behov. Medelevane kallar henne berre for Syndromet og klarer visst ikkje å berre late henne vere annleis, vere i fred. Det er som dei plagast av det, av nokon som ikkje er som alle dei andre.

Men det er ikkje alle som vil Lill Miriam vondt. Ruben er også litt annleis og utanfor, og han og Lill Miriam utviklar ein sterk venskap. Kanskje han er den som kan redde henne? Vi møter også Susan frå Alle vi. Ho er ei av dei som har halde Lill Miriam utanfor og mobba henne, men då Lill Miriam forsvinn byrjar ho å tenke, meir og meir. Klarer ho å leve med det ho har vore med på og med at Lill Miriam blir borte ein gong for alle?

Her er ein smakebit frå boka, frå Lill Miriam si historie:

imago

Klokka er 16.58.
Eg drikk litt vatn.
Tenker på mi kjære apis melifera. 
Eit holometabolt insekt.
Skapt ved forvandling.
Skapt til å bli noko heilt anna enn ho var som egg.
Egget utviklar seg til larve.
Larven er utan venger, utan eigentlege bein.
Utan kroppsdelar.
Han liknar ikkje i det heile tatt på ei vaksen bie.
Før forvandlinga skal skje, gøymer larven seg.
Han spinn eit hylster omkring kroppen, gjer seg
usynleg for andre.
Trådane i hylsteret er tynnare enn draumar.
Til saman er dei likevel sterke
som det sterkaste ønsket nokon kan ha.
Puppestadiet er ventetida.

Så begynner noko å skje. Noko
inne i puppen rører på seg. Ristar på seg.
Dirrar. Pressar på.
Puppen sprekk opp. Sekundet er der.
Den forvandla kjem ut.
Ein heilt ny skapning
faldar ut vengene for første gong.
Sollys på årenettet.
Ho er vaksen. Imago.
Ho er blitt den ho skulle bli.
Ho kan flyge. 

Ingen kommentarer: