27. januar 2015

Bra start

Dei to første dagane denne siste veka i januar har eg vore så heldig å kome på heile to nominasjons-kortlister til eit par flunkande nye prisar, nemleg Bokbloggerprisen og Verdas beste nynorske blogg.

Bokbloggerprisen kom til i fjor, og det var eit par dyktige nynorskforfattarar som stakk av med dei to prisane. Agnes Ravatn og Fugletribunalet blei kåra til Årets roman 2013 og Ruth Lillegraven fekk prisen i Open klasse for diktsamlinga Urd.

Også i år er det nynorskingane som dominerer kategorien Årets roman. Både eg og Marit Kaldhol skriv på nynorsk, medan Ida Hegazi Høyer skriv på bokmål. For oss som skriv nynorsk og veit kor mykje god nynorsk litteratur som finst, er slike prisnominasjonar viktige, ikkje berre for dei einskilde bøkene, men også for språket vårt. Om Bokbloggerprisen kan få fleire lesarar til å krysse nynorskterskelen, er det ein stor bonus, slik eg ser det. Nynorsk i dag er jo ikkje noko vanskeleg å lese, tvert imot er det eit flott språk som ikkje er noko å vere redd for.

Men aller mest er det jo stas å kome på kortlista, og vere ei av dei seks bøkene som er kome lengst opp av dei 148 (!) titlane som blei nominert, og ei av fem nominerte kvinner, som ei rak motsetning til dei fleste andre litteraturprisar.

I Open klasse er det i år ein ungdomsroman, ei sakprosabok og ei novellesamling som er nominert, nemleg De som ikke finnes av Simon Stranger, Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson og Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi.

Det neste halvåret blir det lagt opp til samlesing av dei nominerte bøkene, og Finne ly skal til pers i mars. Eg gler meg til å sjå kva folk synest om boka. Meldingane og omtalane har vore overveldande positive så langt, men ein veit jo at ein aldri kan treffe alle lesarar med ei og same bok. Det ville igrunnen vore trist om alle likte og mislikte akkurat det same.
Eg lurer på om eg skal vere med på samlesinga sjølv, sånn i all stillheit, for det er berre Marit Kaldhol si bok eg har lese så langt.

Den andre kortlista er til Verdas beste nynorske blogg, som blir kåra for første gong i år. Denne nominasjonen må eg innrømme at eg føler er litt ufortent, då eg skriv altfor lite her inne for tida, men det er no kjekt likevel, og det er mange andre gode bloggar på lista, så det er berre å gå inn og lese og stemme. HER kan de gjere det. Måtte den beste og nynorskaste bloggen vinne!

4 kommentarer:

Anita Ness sa...

Gratulerer! Det er så fortjent.:)

Ole Jørgen sa...

Ja, det vert spennande å sjå korleis det går! Eg har lese både di og Marit Kaldhol si bok, og likte begge. Har ikkje prøvd meg på nokon av dei andre, men fleire står på leselista...

Aina Basso sa...

Tusen takk for det!

aariho sa...

Gratulerer! Eg var med og nominerte både boka di og Marit Kaldhol si. Skal bli spanande å sjå kven som går av stad med sigeren. Det er mange gode nynorske bøker for tida. Eg les mykje, og tenkjer aldri over om det er nynorsk eller bokmål når eg tek til med ei bok. Men når eg ser attende på kva eg har lese, er det svært mange nynorskbøker som har gitt meg gode opplevingar.