12. januar 2015

Bokbloggerprisen 2014

Året startar bra med ein kjekk nominasjon til Bokbloggerprisen 2014, i kategorien Årets roman.
Særleg kjekt er det fordi eg veit at mange av dei som står bak nominasjonane les svært mykje og er godt oppdatert på dei bøkene som kom ut i 2014, og fordi 2014 i mi meining var eit sterkt romanår, der mange av mine personlege favorittar kom med nye og gode bøker.

Eg er også glad fordi eg er nominert saman med to forfattarar eg set høgt, nemleg Marit Kaldhol og hennar fine roman det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz, og Carl Frode Tiller og hans etterlengta Innsirkling 3, som eg har venta spent på i tre år, frå eg las ut dei to første bøkene i trilogien altfor fort i 2011. Dei andre bøkene i kategorien har eg ikkje lese enno, men kanskje er dette ein god grunn for å gjere det?

Den andre kategorien, Åpen klasse, har også mange sterke bøker i ulike sjangrar som er vel verd å sjekke ut.

Dette er langlista, kortlista blir offentleggjort om nokre veker. Så får vi sjå om Finne ly får vere med vidare eller ikkje. Uansett er det kjekt med ein nominasjon!

5 kommentarer:

amo sin blogg sa...

Kor kjekt Aina, gratulere så mykje.
Lukke til.
Helsing Anne-Mari

aariho sa...

Eg var ein av dei som har nominert deg, og Marit Kaldhol. Flotte bøker, vel fortjent! No vert det ei spanande tid framover!

Aina Basso sa...

Takk for det, Anne-Mari!

Og takk for nominasjon, aariho!

Englepappa/ Ole JN sa...

Fin blogg du har! Eg las "Finne ly" for nokre veker sidan og likte boka godt. Som over middels interessert i poetiske tekstar, var det særleg språket som fanga meg. Du skriv godt!

Aina Basso sa...

Tusen takk for hyggeleg kommentar, Englepappa! Kjekt du likte boka mi.