16. mai 2010

Ingenting å angre på/ Tjuendedagen

Eg har lese to romanar etter kvarandre som eg følte høyrte saman. Korfor? Eg er ikkje heilt sikker. Dei er jo ikkje like. Men kanskje er det fordi begge uttalt handlar om 'overskridelse' og 'det grenselause'. Kanskje fordi begge kom ut i haust. Kanskje fordi begge handlar om ein seksuell trekant, to menn og ei kvinne. I den eine boka i eit utruskapsforhold, i den andre som krydder, invitert inn i parforholdet. Kanskje har forfattarane noko av det same prosjektet?

Den eine boka er Tjuendedagen av Geir Gulliksen, som tidlegare har gitt ut både prosa og lyrikk, men som eg berre har lese lyrikk av før, lyrikk som eg har likt veldig godt. Gulliksen er i tillegg sjefsredaktør i Forlaget Oktober, m.a. for Karl Ove Knausgård. Den andre er Ingenting å angre på, som er Trude Marsteins femte roman for vaksne. Eg har tidlegare m.a. lese Gjøre godt av Marstein, som eg likte godt.

Forlaget skriv følgjande om Tjuendedagen:

'Hva skjer når drømmen om frihetens rike fordrives fra samfunnet og inn i den enkelte, helt inn i den enkeltes kropp? Og hva om det å realisere seg selv bare betyr å selge seg billig?


"Tjuendedagen" er en roman om private øyeblikk som blir gjort offentlige og om offentlige tjenester som blir privatisert, om norsk selvforståelse slik den ytrer seg gjennom seksualitet. En kontroversiell bok og ikke minst en vakker og litt annerledes kjærlighetsroman.'

Romanen er delt. Den første delen forteljast av ein nærast usynleg forteljar, slik at hovudpersonen i denne delen er ein du-person. Det handlar om 'du' og sambuaren, som inviterer ein tredjepart, ein yngre mann, inn i livet og senga. Noko som får nokså store konsekvensar for fleire av dei involverte. I den andre delen stig forteljaren Liv fram og forteljinga går over til eg-form. Liv viser seg å vere ein gammal studiekamerat av den mannlege hovudpersonen utan namn og vi blir her kjende med Liv og med 'du', gjennom Liv sine auge, slik han var i studietida. Liv ønskjer å bli forfattar, og Tjuendedagen er manuset ho skriv.

Ingenting å angre på vekslar mellom Heidi i byen med elskaren sin og Vegard på hytta med tre døtrer, lenge uvitande om kva kona held på med i byen. Handlinga er nokså stilleståande og krinsar rundt dei same gjeremåla: Heidi i senga med Mikkel, som gjer seg diverse refleksjonar over det heile, situasjonen med Mikkel, livet med Vegard, og Vegard og døtrene i diverse ferie-kvardagslege situasjonar, lage mat, spele spel, prøve å fare på fisketur, også dette iblanda Vegard sine tankar og refleksjonar omkring forholdet til Heidi, andre kvinner og familielivet, m.a. Marstein blandar heile vegen konkret handling med tankar, skildringar, distraksjonar. Som t.d. her:

Det blinker og glitrer og skinner i bilpansere og butikkvinduer og reklameskilt og gjennom markiser og parasoller, og i løvverket, og i kaféstolene og glassene på bordene, og i Mikkels hvite skjorte. Tennene hans skinner, øynene hans skinner, hånden hans ligger åpen på bordplaten, jeg legger min hånd på hans, han vender den så håndflatene møtes, og han sykker. Han sier lavt: Liker du blåskjell? Jeg nikker. Han nikker. Jeg er veldig glad i blåskjell, sier jeg. Jeg bøyer meg over bordet mot ham, det kjennes som om jeg betror ham en hemmelighet. Jeg òg, sier han. Jeg drikker vin, Mikkel drikker vin, jeg setter fra meg glasset. Vi nikker. Jeg fortsetter å nikke. Vi smiler, vi begynner å le lavt. En passerende dame stopper opp, kikker ned i vesken sin, så går hun videre. 

Marstein og Gulliksen er begge gode observatørar som har gode og presise skildrarar. Begge skildrar sommaren, Marstein ein sommar både i byen og på hytta, Gulliksen sommaren i ein roleg villa-bydel, som å ligge på senga i grått sommarnattlys og det er varmt. Skildrar det slik at ein kjenner det, kjenner seg igjen, vil dit.

Begge romanane har i stor grad fått veldig gode meldingar, men om begge bøkene har nokre stilt seg kritiske til dei innstendige sex-skildringane, som dei har opplevd som trøyttande. Det er kvar sin smak.

1 kommentar:

thauke2 sa...

du presenterer bøkene greit, jeg er helt enig med deg mht at det er to solide romaner. har påpekt noen sider ved gulliksens tekst som jeg kunne tenke meg å få dine synspunkt på, hvis du gidder, bruk i så fall etiketten 'Gulliksen'