9. mai 2008

Marstein i mai

Denne månadens lesesirkelbok var Gjøre godt av Trude Marstein, og eg var nok den av oss som likte boka best.

Lesesirkelmøtet denne månaden var noko amputert, vi var tre som hadde lese heile boka, og ein som gav seg etter åtti sider, fordi han syntest det var meiningslaus lesing. Det var i tillegg ein som meldte forfall fordi han ikkje rakk å lese ferdig boka (og ikkje fordi han ikkje likte henne), og ei som ikkje kunne kome.

De vil kanskje hugse at eg i eit par tidlegare innlegg skraut veldig av boka og ikkje klarte å legge henne frå meg. Det var eit godt driv, og eg likte forteljargrepet, ideen og sommarnattstemninga Marstein klarte å mane fram. Og heile tida venta eg berre på at den store historia skulle tre fram gjennom dei små. Det skjedde dessverre ikkje. Etter nesten fem hundre siders lesing var eg nok ikkje like entusiastisk som då eg hadde runda halvparten av boka, men eg vil fortsatt seie at det er ei fin bok, sjølv om eg ikkje ser på henne som like genial som eg kanskje hadde venta ho skulle vise seg å vere.

Kritikken frå lesesirkelmedlemmane gjekk for det første på tematikken.
Marstein har fokusert på seksuelle relasjonar, nære relasjonar mellom familie, dumme ting ein gjer i fylla, død og sjalusi. Mykje går på dei meir primære eigenskapane menneska har, som drift og trongen til å hevde seg over andre. Ho vart skulda for å skrive banalt om banale ting. Noko av det eg likte var nettopp det at ho torde å skildre det banale. Småbysamfunnet synte seg med sine små menneske, små liv og små historier. Og slik er det, tenkte eg. Akkurat slik kan småbylivet vere.

Ho fekk også kritikk for å ha ein for einsidig tematikk, slik Kristine skriv om i dette innlegget. Kva skjedde med pausane menneska tek i løpet av ein dag? Der ein tenker på ingenting, på praktiske ting, på middagen, eller der ein ser ein film, Dagsrevyen eller les ei bok? I Marsteins bok er alle dei 118 innsideglimta fokusert rundt relasjonar mellom menneske og tankar om desse. Er det verkeleg sannsynleg at alle som tilfeldigvis kryssar veg med kvarandre i løpet av eit døger heile tida tenker akkurat på det?

Noko anna boka fekk kritikk for, var å vere eit mislykka forsøk på å gjennomføre ein god idé. Marstein siktar høgt, men klarer ho å gjennomføre? Hadde boka stått seg på å vore kortare, ha færre personar, vise fleire fasettar, og ikkje minst vore skriven med fleire og meir ulike stemmer?

Eg er framleis glad for å ha lese denne boka, og synest det var ei god leseoppleving. Sjølv om lesesirkelen min ikkje var einig.

Dersom du er interessert i å bli betre kjent med Trude Marstein som forfattar og held til i Osloområdet, kan du ta deg ein tur på Marsteinførelesinga på Litteraturhuset i helga. Eg skulle gått, viss eg ikkje hadde vore på plass i Madrid innan dess, forhåpentlegvis med eit glas raudvin i handa og chorizo smeltande på tunga.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ikke glem ibericoskinke! Spør du meg er den skinka noe av det beste det spanske kjøkken har å by på. Det er dyrt, men verdt ver krone. Anne grete ville heller ikke tilgitt meg dersom jeg ikke anbefalte gåselever. på det punktet strides dog de lærde.


Jeg beklager at dette ble et innlegg om mat. det engasjerer meg sånn serru!

Aina Basso sa...

Hehe. Takk for tipsa! :)