14. mai 2010

Vårens vakraste eventyr

Mai. Kirsebærblomar og epleblomar, som blomstrar så vilt og angande, så hemningslaust, i mai.

Vel. Ikkje heilt. I går snødde det. Store snøflukser la seg utover markene og temperaturen kraup ned til 1,7°C. Berre dagar tidlegare hadde eg lege på altanen i bikini og sveitta, med lukt av solkrem, med lydar frå hagearbeid, med ein god roman framom nasen. På trea er det knoppar, som lysegrøne slør om greinene. Og forventningane ligg innpoda i meg frå mine tidlegaste barneår: ’Mai vår, ljos og klår, blom i blom i bakken står. Gule, blå, høgt på tå, mellom visne strå’. Og så byrjar det å snø. I mai. Den sunnmørske våren er som sjølve livet: Absurd, skiftande, uføreseieleg.

Mai har alltid vore min månad. Det er som om alt byrjar på igjen i mai. Våren kjem, blomar kjem, fuglane bygger reir i trea (eller på balkongane til byfolk). Mai er flagg og fanfarar, bursdagsselskap, konfirmasjonar, pinne-is, utepils, solbrente nasar og bleike leggar i kortebukser. Aller best liker eg mai frå midten og utover. Når det ikkje er fare for snø, lenger (om du ikkje bur svært langt nord eller har maks uflaks). Når frukttrea blomstrar så heftig i kvitt og lyseraudt, og duftar så inderleg søtt og forlokkande. Når insekta byrjar summe i rosebuskane og ein kan parkere parkasen, ein gong for alle (iallfall til oktober).

Mai er særleg ein bra månad for alle oss som ikkje er ungdommar. Korfor det? Jau, eg tenker sjølvsagt på eksamen. Skuleverket er jo eit utspekulert system. Eksamen kjem på dei to finaste tidene i året: Like før jul og like før sommaren. Då skal vi sitje inne og lese. Lese medan gågater blir pynta med julegirlander, eller heile verda med blomerankar. Sitje inne og pugge heilt fram til den store dagen, då vi som ei avveksling får sitje inne i ein gymsal utan vindauge og sveitte over ein kryptisk oppgåvetekst, som til dømes denne perla eg fekk på historie grunnfag: ’Kong Sverre.’

Alt dette medan andre, som ikkje har eksamen, et is, sit på utekafé, grillar pølser og tek årets første, iskalde bad, spring gjennom vasspreiarar, syklar på tørre vegar, gjer eitkvart sosialt med ein ball, har på t-skjorte, får frekner i fjeset. År etter år. Det er nesten uforståeleg at dette var noko eg frivillig gjorde i ni heile år etter grunnskulen.

Eg hugsar godt korleis det var å vere student i Trondheim i mai. Kvart einaste år, det slo aldri feil, tok vi optimistisk med oss bøkene ut i solveggen utanfor studentbyen, ut i hagen til huset vi leigde kjellaretasjen i, eller ut på ein av byens grøne flekkar, gjerne Marinen, nedanfor Nidarosdomen, nede ved elva. Så sat vi der, med dei bleike leggane og armane våre, plirande som moldvarpar, og trudde vi slo to fluger i ein smekk. Det gjorde vi sjølvsagt ikkje. Og like før eksamen seig den grufulle sanninga innover oss og vi mura oss panisk inne i mørkret igjen og kom ut att grå og firkant-auga nokre dagar seinare.

Det var det første eg merka meg, det første året etter at eg var ferdig utdanna og i vanleg jobb: At eksamen ikkje fanst meir. At året no stort sett var likt frå veke til veke, frå månad til månad, frå årstid til årstid. Med unnatak av nokre veker om sommaren gjekk det i grunnen i same tralten. Før jul var det no berre å vie seg heilhjarta til førjulskos med raudvinsgløgg og julegåvehandel, og om våren til hutrande grilling i parken til sola gjekk ned, med påfølgjande halsbetennelse, men utan dårleg samvit. Ingen eksamen, aldri meir. Det er vel det som meinast med uttrykket ’vårens vakraste eventyr’.


Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 14. mai 2010. 

2 kommentarer:

Gunhild sa...

"Aldri mer eksamen!" Det tok mange, mange år før jeg sluttet å ta det for gitt. Nå kom jeg på det igjen.En uslåelig lettelse!

September har alltid vært min måned. Høsten. Lurer på hvorfor. Det hadde vel vært mer nærliggende å like våren best egentlig. De gode slutten-av-mai-dagene... mmm... :)

Aina sa...

Ja, heilt uslåeleg! September er også fin, men eg er mai-barn, det er noko der, òg.