7. desember 2007

Nye og gamle favorittar

Eg har tidlegare proklamert at Iain Pears er min favorittforfattar. Og det er han framleis. Blant andre.

Favorittforfattarar har det jo med å bli bytta ut med nye favorittar. Slik er det med det meste her i livet. Ei bestevenninne erstattast med ei ny, ein kjærast med ein annan, eit poporkester med eit nytt poporkester. Også forfattarar byttast ut med jamne mellomrom, sjølv om mellomromma kanskje blir lenger, og favorittane meir varige.

Den første favorittforfattaren min må ha vore Astrid Lindgren. Pippi og Mio, min Mio var fantastiske leseopplevingar. Deretter falt eg for Lucy Maud Montgomery, skaparen av Anne fra Bjørkely. Så ein dag oppdaga eg Agatha Christie, og dette blei starten på ein lang periode med samlemani. På vidaregåande las eg Agnar Mykle, og alle mine sidemålsstilar vart i ein periode skrive i imitert Mykle-riksmål. Så kom altså Iain Pears for mine auge, og lenge var det han som sat på den øvste pidestallen av dei alle.
Og så kom ein ny æra.
Eg oppdaga Dag Solstad. Virginia Woolf. Jon Fosse.
Det kjennest som eg er på veg inn i ein ny periode i lesinga mi.
Ein god periode. Ein spennande ein.

Ingen kommentarer: