27. mai 2007

Gullalderen

Margery Allingham
Eg har nettopp lese dei siste sidene i Patricia Wentworths The Fingerprint frå 1956, og har dermed opning for nye nattbordsbøker.

Eg har tidlegare skrive, noko feilaktig, at Patricia Wentworth, saman med Agatha Christie og Dorothy L. Sayers, vert omtalt som krimdronningar frå gullalderen innan kriminallitteraturen, perioden frå omlag 1920 til 1939. Det viser seg ved nærare ettersyn å vere Margery Allingham som er dronninga, medan Wentworth meir er som ei prinsesse å rekne. Margery Allingham, med hennar helt Albert Campion, har eg enno til gjengjeld å gjere meg kjent med, medan Patricia Wentworths Miss Silver har figurert i romanen nemnt ovanfor. Miss Silver er ei streng og lur gammal dame som strikkar mjuke babysjal og løyser kriminalgåter med like stor lettheit. Som ihuga Agatha Christie-fan frå tolvårsalderen av, har eg sjølvsagt eit nært og personleg forhold til hennar Miss Marple, som til forveksling liknar Miss Silver, og eg syns framleis det er Miss Marple som er den beste av dei to karakterane.

Då eg var yngre las eg med stor iver bøkene om Frøken detektiv Nancy Drew utgitt og skrivne av fleire forfattarar under pseudonymet Carolyn Keene. Mi venninne Kristine har tidlegare omtalt Patricia Wentworth som å vere i større grad i Nancy Drew-sjangeren enn i klasse med krimdronningane, og dette ser ut til å stemme ganske bra. The Fingerprint var velskriven, med til dels gode karakterskildringar og noko som såg ut til å bli eit spennande mysterium. Diverre fann eg tidleg ut av plottet, både kva gjald den kriminelle delen av historia og den romantiske. Eg ser no fram til å lese meir av dei verkelege dronningane: På leselista står sjølvsagt ei bok av Margery Allingham, den neste i rekka om Lord Peter Wimsey Ubehagelig episode i Bellona-klubben, samt - til mi store glede - ei for meg både ulesen og ukjend Poirot-bok eg tilfeldigvis kom over og no har bestilt frå Amazon: There Is a Tide. Eg gler meg!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hyggelig å snuble over en norsk blogg med stoff om Dorothy L. Sayers. Når det gjelder Margery Allingham, så vil jeg anbefale også henne. Spesielt tidligere romaner som Look to the Lady og Sweet Danger er herlige eventyr på den engelske landsbygda.Ganske virkelighetsfjernt, naturlig nok, men kan leses med godt humør også idag.

Aina sa...

Så hyggeleg å bli snubla over! Ikkje minst av nøgde lesarar :)

Takkar for anbefaling. Har forsøkt å få tak i Margery Allingham-bøker på Deichman, men dei har ikkje det største utvalet. Håper på betre hell på NB eller UB.