24. mai 2007

Lyd vs. papir

Gromstemma
Det er kun eit par år sidan eg byrja å lytte aktivt til lydbøker, og det var då eg fekk min første jobb etter endt utdanning, og innimellom hadde ein del arbeidsoppgåver som lett kunne kombinerast med å lytte til litteratur.

I byrjinga kasta eg meg glupsk (som eg er) over mediet, og tenkte eg kunne nytte høvet til å lytte til både lett litteratur, som t.d. Karin Fossum, og på ein enkel måte få inn klassikarane, eller kanskje like godt ta eit gjenhøyr med bokfavorittar, som Sangen om den røde rubin eller Jonas.

Diverre viser det seg at lyd ikkje er mitt medium.
Eg let meg lett irritere av opplesarens betoning og dramatisering, og føler dette forstyrrande i forhold til korleis eg sjølv trur eg ville lese det og forstå det, om eg kun hadde forholdt meg til teksten på papir. Irritasjonen over den irriterande opplesaren, som irriterande ofte er ein skodespelar som har tatt lydbokjobben på si, for å tene litt ekstra gryn, og utan å førebu seg synderleg, øydelegg i dei aller fleste tilfelle fullstendig den gode opplevinga av ei god bok. Er boka dårleg, blir ho sjølvsagt endå dårlegare: Ingenting er som ei langdryg, dårleg opplesing av ein langdryg, dårleg krimroman av Henning Mankell, for å miste fullstendig lysta på å nokosinne lese eit nytt ord frå den mannen si hand.

Der er kun nokre få lydbøker eg taklar.
Å høyre Kjell Askildsen lese Kjell Askildsen er ei gåve for øyret. Likeeins håper eg det vil vere å høyre Dag Solstad lese Dag Solstad. Eg har også høyrt nokre flotte barnebøker på lydbok, både Peter Pan (på engelsk) var nydeleg, og Heksene, litt dramatisert av radioteateret.

Konklusjonen min må vere at papir i dei aller fleste tilfelle er mitt medium, men at lydbøker kan tolererast i visse tilfelle, dersom eg vél min opplesar med omhu.

6 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Jeg har det akkurat som deg, jeg reagerer på opplesernes feil betoning og unaturlige måte å lese på. De fleste er vel skuespillere, og jeg tror den klossete måten å lese på er en teatralsk, tillært manér. Det er veldig synd.

Aina sa...

Ja, det er veldig synd.
Kan samanliknast med ei filmatisering av yndlingsromanen din, og så er rolla som hovudpersonen besett med heilt feil person.

kristine sa...

Jeg har samme opplevelse som dere at noen bøker bare blir feil med feil oppleser, men jeg synes ganske ofte det fungerer bra. Akkurat nå hører jeg på Phyllida Law som leser "To the lighthouse" og det gir meg like mye som da jeg leste boka. Hun leser ikke særlig teateralsk, men hun får frem at det er tanker og ikke handlinger som presenteres.

Og så elsker jeg å høre Nils Nordberg lese in kriminal romaner/noveller.

Aina sa...

Ja, einskilde gongar fungerar det veldig bra og ein kan endåtil, om opplesaren gjer ein god jobb, få meir ut av boka enn om ein hadde lese det sjølv. Men dette høyrer til sjeldanheitene i det materialet eg har prøvd meg på.

Eg vil forresten gjerne sjølv høyre "To the Lighthouse", og tips om Nils Nordberg set eg pris på. Tek gjerne i mot fleire tips til gode opplesarar.

Anonym sa...

Dag Solstad er en skandale når han framfører noe muntlig. Mange bøker gjør seg best når en annen enn forfatteren leser. Men jeg er enig med deg i at Askildsen er god også som lyd.

Aina sa...

Eg trur ikkje eg er einig i den karakteristikken av Dag Solstad, sjølv om eg ikkje har høyrt han på lydbok. Eg har derimot høyrt fleire intervju med han, bitar av offentlege opplesingar, samt kommentatorsporet til filmen om gymnaslærer Pedersen, og personleg likar eg den litt famlande stilen.

Uansett er det noko ekstra med å lytte til ein forfattar lese sine eigne ord... sjølvsagt med grufulle unntak.