Dei tretten novellene i boka er alle inspirerte av verkelege runepinnar – trepinnar eller greiner med runeinnskrifter på – dei fleste funne på Bryggen i Bergen, og alle er daterte til rundt år 1200. Innskriftene varierer frå sms-liknande beskjedar, som Gyda seier at du skal gå heim, kjærleikserklæringar, som Mi kjære, kyss meg, ytringar om begjær eller kjærleik, som Arne prest vil ha Inga –funnen under golvet i Urnes stavkyrkje –eller Ingebjørg elska meg då eg var i Stavanger, beskjedar som har følgt med ei gåve, som Torkell myntmeister sender deg pepar eller merkelappar som varierer frå berre eit ord, som Olje eller eit namn, Bergsveinn, til Tora eig meg og Ragnar eig dette garnet. Eg har også late meg fascinere av latin rita med runer, i innskrifta Ave Maria gracia plena.
I boka møter vi ulike typar menneske, frå den 11 år gamle Eidunn som ufrivillig er blitt plassert i kloster av mora, fiskaren Ragnar som dreg eit garn som aldri blir tomt for fisk, tannknekkaren Bergsveinn som finn kjærleiken på forunderleg vis, ulike typar ektepar og ekteskap, frå dei rolege, fine, til dei meir vanskelege og trøblete, ein forelska prest, og ei mellomaldrande kvinne som saknar sin store kjærleik Ingebjørg, som ho fekk elske ein gong då ho var ung, for å nemne nokre.
Runepinnane har vekt fantasien og nysgjerrigheita mi frå første gongen eg såg ein del av dei, for snart tjue år sidan, i ei utstilling på Bryggen museum i Bergen. Sidan den gongen har eg hatt desse innskriftene i hovudet og hatt lyst til å bruke dei til noko, utan å kome på ein god idé – fram til det slo meg at eg kunne bruke dei som 'stiloppgåver' og skrive noveller kring dei.
Og no er altså boka her, og har så langt fått fine kritikkar i Klassekampen og Bergens Tidende, i tillegg til ein veldig fin og fyldig omtale i Beathes bibliotek. Beathe skriv mellom anna at det er ei «nydelig samling» og at «(j)eg er misunnelig på de av dere der ute som har denne godbiten tilgode!».
Slikt varmar sjølvsagt eit forfattarhjarte, og eg håper mange vil lese denne boka, som eg har kosa meg så stort med å skrive.
Dersom de vil høyre meg snakke om boka, har eg laga podkast saman med forfattar og historikar Kari Anne Bye, og gjort eit hyggeleg, lite intervju med NRK Vestland.