Etter at eg fekk forfattarside på facebook, legg eg i større grad ut nyhende og informasjon der enn her, så følg meg gjerne DER også. Eg tenkte likevel det kunne vere fint med ei oppdatering på bloggen om kva som skjer for tida. For det første arbeider eg med heile tre nye bøker.
Den første kjem ut i løpet av vinteren/ våren 2022 og er ei sakprosabok for ungdom om dødsstraffa i Noreg med tittelen Dei dødsdømde. Her går eg gjennom dødsstraffa si historie i Noreg frå vikingtid til vår tid, og har valt ut eit knippe historier om menneske som har mista livet gjennom historia, som den falske prinsessa Margrete som blei brend på bål i 1301, Anna Absalons, som blei brend som heks snart tre hundre år seinare, 14-åringen Randi som tok livet av mor si på slutten av 1700-talet og seriemordaren Sofie Johannesdotter som er den siste kvinna som blei halshoggen i Noreg, i 1876. Eg tek også ein sveip ut i verda og ser på dei eldste kjende dødsstraffene i historia, og på situasjonen i verda i dag. Korfor har Noreg og dei fleste andre demokrati i verda avskaffa dødsstraff, medan USA ikkje har gjort det? Kva er argumenta for og imot dødsstraff?
Den andre boka er ei novellesamling der eg tek utgangspunkt i runeinnskrifter frå mellomalderen og diktar vidare på dei. Den første novella, Heim, er allereie publisert i novelleantologien Og alle ting vert nye, som kom våren 2021, og eg håper på utgjeving av heile samlinga i løpet av neste år eller året etter. Eg har nettopp fått ei veldig fin konsulentfråsegn og får fortløpande tilsendt grundige kommentarar frå min dyktige redaktør i Samlaget, David Aasen, så eg har litt å jobbe med framover.
Eg skriv også på ein ny ungdomsroman, der eg har valt ut ein biperson frå den andre romanen min Fange 59. Taterpige, Josefa, og utforskar hennar historie. Målet er å få ferdig eit førsteutkast i løpet av vinteren, så eg kan få tilbakemelding frå redaktør og eventuelt konsulent og arbeide vidare.
Elles har eg spelt inn ein podkast der eg fortel om arbeidet med romanen Ungen, som det tok meg sju år å skrive, frå eg fekk ideen til romanen var i bokhandelen. Podkasten er ein del av serien Min skrivemetode, der fem forfattarar fortel om kvar sin sjanger. Marit Kaldhol fortel om å skrive noveller, Øyvind Rangøy om å skrive poesi, John Roald Pettersen om sakprosa og Tiger Garte om å skrive ungdomsroman. Alle podkastane kan høyrast gratis på Forfattersentrum sin profil på soundcloud i ein avgrensa tidsperiode framover, så klikk dykk inn og lytt.
Til sist kan eg fortelje at eg har fått den store æra å bli festspeldiktar for Festspela i Ørsta og Volda, tidlegare kalla Dei nynorske festspela, som går av stabelen 9.-12. juni 2022. Eg ser svært fram til dette og til å starte planlegginga saman med dei fine folka i Ivar Aasen-tunet i næraste framtid. Kanskje vi sest der?
1 kommentar:
Livet var ikke lett med meg etter at ekteskapet mitt ble brutt da mannen min dro for skilsmisse, men jeg takker Gud for at han brukte DR GIDEON som er som en Gud på jorden for å gjenopprette mitt ødelagte ekteskap med sin kraftige magi. Jeg led av depresjon i 11 måneder, men i dag er jeg så glad for at jeg møtte DR GIDEON fordi trolldommen hans fikk meg til å tro at sannhetstrolldommene er ekte og fungerer. Jeg fulgte alle instruksjonene som DR GIDEON ga meg fordi han lovet å gjøre meg glad og stolt, og alt dette skjedde, og mannen min kom tilbake til meg med knærne på bakken, og ba om min tilgivelse i løpet av få dager etter at han ble koblet til ham og nå er vi perfekt knyttet sammen igjen for livet. Jeg kan frimodig si til alle der ute at DR GIDEON-trollformler er de beste og kraftigste. Jeg er ham evig takknemlig inntil tidenes ende. Så du kan koble ham til WhatsApp +2347042191323
E-post: drgideon611@gmail.com
Legg inn en kommentar