Dei neste tre åra er sakprosa for barn og unge open klasse i Brageprisen, som i tillegg har dei tre faste kategoriane skjønnlitteratur (for vaksne), barne- og ungdomslitteratur (hovudsakleg skjønnlitteratur) og sakprosa (stort sett vaksenbøker).
Boka kom også gjennom det tronge nålauget til innkjøpskomiteen for sakprosa for barn og unge, og skal dermed vere å få tak i over heile landet, i alle folkebibliotek – iallfall på sikt. I tillegg burde den vere mogeleg å få kjøpt i bokhandelen, på nettet om ikkje anna.
Torsdag om ei veke, den 24. november, går Brageprisutdelinga av stabelen, og då får vi vite kven som stikk av med sigeren i dei ulike klassene. Vi er fire nominerte i kvar kategori, så det er 25 % sjanse for å vinne – og sidan eg har vore nominert før utan å få prisen, har eg ikkje så store forventningar. Men gøy er det uansett!
I tillegg til å vere glad for min eigen nominasjon, er eg svært begeistra for at ei av mine gode veninner og forfattarkollegaer Hilde Myklebust er nominert for sin fine og sterke ungdomsroman Splintra, i klassen barne- og ungdomslitteratur. Ho fortener å vinne, men konkurransen er skarp – og boka er verd å lese anten den stikk av med trofeet eller ikkje, for alle som er eller har vore ungdom ein gong, som ei anna veninne av henne så fint formulerte det. Eg kan røpe at eg gråt på slutten, og det skjer ikkje ofte.
HER finn de alle dei nominerte, i alle kategoriar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar