Det tok likevel nesten ti år før historia om Josefa kom ut i verda, men no er endeleg boka her, og i Før det blir morgon kan den som vil få vite kva som eigentleg skjedde med Josefa den gongen ho var femten år og reiste heimanfrå for å gå i teneste på storgarden Li, der ikkje alt var så fint og lyst som det verka på overflata.
Før det blir morgon er den første ungdomsromanen min på tretten år, sidan Inn i elden, så no var det på tide å kome med ein ny. Boka høyrer tematisk saman med dei to første bøkene mine, Ingen må vite, om Ingeborg som blir misbrukt av stefaren sin og skulda for blodskam på 1730-talet, og Fange 59. Taterpige, som er utgitt for vaksne, men som eg i ettertid vil klassifisere vel så mykje som ein young adult-roman, der Josefa altså er ein biperson.
I Før det blir morgon tek eg tak i endå eit sørgeleg brotsverk som blei straffa hardt på 1700-talet, nemleg fødsel i dulsmål – som innebar å bli gravid, løyne det, og deretter føde i skjul – medan barnet seinare blir funne dødt. Boka starta som poesi, det var det som kom ut då eg byrja skrive, men eg skjønte etter kvart at det var trong for meir rom for historia til å utfalde seg, så eg skreiv det om til ein roman, men freista behalde mest mogeleg av det poetiske i teksten.
Eg har fått nokre veldig fine tilbakemeldingar frå lesarar, men enno ingen kritikkar eller offentlege omtalar, noko det alltid er spennande å vente på. Uansett er eg veldig glad for å endeleg ha fått gi ut ein ny ungdomsroman, som startar slik:
Fjorden er svart og botnlaus. Lykta kastar eit gult skin over vatnet. Ingen veit kor djupt det er, kva som glir der nede i mørkeret.
Båten duvar. Eg held meg fast i ripa. Nevane til far held fast om årene. Ror med sterke tak.
Vi sit andlet mot andlet, men far ser ikkje på meg. Blikket hans vender mot garden heime, som blir mindre og mindre dess lenger ut vi ror.
Eg snur meg og ser same veg. Synest eg aner ei røykstrime frå taket. Eit menneske på tunet?
Årene glir lydlaust innunder vasskorpa. Alt er stilt, endåtil fuglane er tagale. Båten kløyver fjorden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar