Viser innlegg med etiketten pocket. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pocket. Vis alle innlegg

25. mai 2011

Lillehammer

Så er det tid for den årvisse litteraturfestivalen på Lillehammer. Eg er ikkje på det offisielle programmet, men som alltid nyttar ulike aktørar høvet til å lansere både bøker og tidsskrift under festivalen, og Samlaget er inkje unnatak: Vi køyrer pocketslepp av vårens nye pocketbøker, med opplesingar av sju forfattarar, musikalsk innslag av forfattaren Erlend Kaasa og gratis, valfri bok til alle som kjem. Staden er Toppen Bar på Mølla hotell og tida er 19.00 i morgon, 26. mai.

Elles ser eg fram til å endeleg få høyre Carl Frode Tiller lese og snakke. Eg skal òg prøve å få med meg flest muleg av arrangementa på fredagen, m.a. med Stian Hole, Mikkel Bugge, Dag Solstad og Thure Erik Lund. Og så har eg tenkt meg på festkvelden Banknatta for å høyre på Dei nye kapellanane, sjølv om Ragnar Hovland har sagt at han ikkje trur dei vil spele favoritten min "Anarki i Noreg".
Vi får sjå. Eg lever framleis i håpet.

17. mai 2011

Hefta, kr 129

Så er pocketversjonen av Fange. 59 Taterpige rett rundt hjørnet. Heldigvis med det same omslaget, berre i blank versjon og med blurbar på.

Pocketsleppet blir på Lillehammer neste torsdag, altså den 26. mai klokka 19, på Toppen Bar (Mølla hotell), under dei årvisse Sigrid Undset-dagane. Fleire andre bøker blir òg sleppte i pocket:

Vindauga i matsalen vender mot fjorden/ Flytårn av Mette Karlsvik
Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd/ Indianarar av Rune F. Hjemås
Fiolinane av Jan Roar Leikvoll
Thunder Road av Erlend Kaasa
Mamsell Iversen av Sigmund Løvåsen
og
Lykkefeltet av Ingvild Holvik.

Det blir opplesingar ved alle forfattarane, som er så heldige å bli presenterte av Ragnar Hovland og Brit Bildøen, og noko musikk blir det visst, òg. Heilt gratis inngang og alle som kjem får velje seg ei bok utan å måtte betale.
Kanskje vi sest?

6. april 2011

Det er e-boka mi

Så er omsider Bokskya i drift og norske e-bøker er på marknaden. Iallfall eldre bøker, dei fleste nye titlar er det ikkje inngått skikkelege avtalar om enno. Dette kan de lese mykje interessant om på DnF sine heimesider, der mellom anna leiar Anne Oterholm har eit godt innlegg.

Eg har ikkje prøvd ut e-bøker enno. Eg har ikkje verken lesebrett eller anna høvande verkty og har ikkje eingong sett meg inn i om eg kan lese e-bøker på datamaskina mi. Men no har eg fått litt lyst til å teste det ut, for den første boka mi, Ingen må vite, finst no som e-bok. Boka er ikkje planlagt utgitt som pocket, men er til sals for 129 kroner som e-bok, medan den innbundne utgåva er ein hundrelapp dyrare. Fange 59. Taterpige, på si side, er ikkje planlagt utgitt som e-bok, men kjem derimot som pocket i mai, noko eg ser fram til. Kanskje eg når nokre nye lesarar med dei nye formata?