Viser innlegg med etiketten Lillehammer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lillehammer. Vis alle innlegg

21. mai 2013

Frå Sicilia til Sigrid

Her bada vi. Isola Bella i Taormina.
Det blir sporadisk skriving her på bloggen for tida, slik har det vel vore lenge. Kanskje det blir betre tider etter 1. juli, då eg startar på mitt halve år med heiltidsskriving? Skriving avlar skriving, er det ikkje så?

Sidan sist har eg vore både her og der, mellom anna ein tur på Sicilia. Eg blei ikkje skremt av ein skummel hund, slik Marit Tusvik blei i Sigrid Finne, men veninnene mine opplevde noko som var ganske likt. Sjølv blei eg berre skremt av myggen og av eit møte med det som såg ut til å vere ein del av den sicilianske mafiaen, ein av familiene, kanskje?

Men mygg og mafia til side, så freistar det å reise tilbake, kanskje ein annan mai, når øya er grøn og fruktbar, og blomstrane blomstrar og insekta summar og det enno ikkje er for varmt til å vere ute midt på dag.

Det blir fleire reiser i framtida, til andre europeiske byar, men først skal eg til Lillehammer neste veke, for å delta på Norsk litteraturfestival - Sigrid Undset-dagane, som er den største litteraturfestivalen vi har her til lands, og den aller mest sosiale. Dit reiser "alle". Eg har vaksenarrangement både onsdag og torsdag og det er mykje spennande på programmet, så ta gjerne turen om du ikkje har anna å gjere.

25. mai 2011

Lillehammer

Så er det tid for den årvisse litteraturfestivalen på Lillehammer. Eg er ikkje på det offisielle programmet, men som alltid nyttar ulike aktørar høvet til å lansere både bøker og tidsskrift under festivalen, og Samlaget er inkje unnatak: Vi køyrer pocketslepp av vårens nye pocketbøker, med opplesingar av sju forfattarar, musikalsk innslag av forfattaren Erlend Kaasa og gratis, valfri bok til alle som kjem. Staden er Toppen Bar på Mølla hotell og tida er 19.00 i morgon, 26. mai.

Elles ser eg fram til å endeleg få høyre Carl Frode Tiller lese og snakke. Eg skal òg prøve å få med meg flest muleg av arrangementa på fredagen, m.a. med Stian Hole, Mikkel Bugge, Dag Solstad og Thure Erik Lund. Og så har eg tenkt meg på festkvelden Banknatta for å høyre på Dei nye kapellanane, sjølv om Ragnar Hovland har sagt at han ikkje trur dei vil spele favoritten min "Anarki i Noreg".
Vi får sjå. Eg lever framleis i håpet.

17. mai 2011

Hefta, kr 129

Så er pocketversjonen av Fange. 59 Taterpige rett rundt hjørnet. Heldigvis med det same omslaget, berre i blank versjon og med blurbar på.

Pocketsleppet blir på Lillehammer neste torsdag, altså den 26. mai klokka 19, på Toppen Bar (Mølla hotell), under dei årvisse Sigrid Undset-dagane. Fleire andre bøker blir òg sleppte i pocket:

Vindauga i matsalen vender mot fjorden/ Flytårn av Mette Karlsvik
Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd/ Indianarar av Rune F. Hjemås
Fiolinane av Jan Roar Leikvoll
Thunder Road av Erlend Kaasa
Mamsell Iversen av Sigmund Løvåsen
og
Lykkefeltet av Ingvild Holvik.

Det blir opplesingar ved alle forfattarane, som er så heldige å bli presenterte av Ragnar Hovland og Brit Bildøen, og noko musikk blir det visst, òg. Heilt gratis inngang og alle som kjem får velje seg ei bok utan å måtte betale.
Kanskje vi sest?