21. mai 2013

Frå Sicilia til Sigrid

Her bada vi. Isola Bella i Taormina.
Det blir sporadisk skriving her på bloggen for tida, slik har det vel vore lenge. Kanskje det blir betre tider etter 1. juli, då eg startar på mitt halve år med heiltidsskriving? Skriving avlar skriving, er det ikkje så?

Sidan sist har eg vore både her og der, mellom anna ein tur på Sicilia. Eg blei ikkje skremt av ein skummel hund, slik Marit Tusvik blei i Sigrid Finne, men veninnene mine opplevde noko som var ganske likt. Sjølv blei eg berre skremt av myggen og av eit møte med det som såg ut til å vere ein del av den sicilianske mafiaen, ein av familiene, kanskje?

Men mygg og mafia til side, så freistar det å reise tilbake, kanskje ein annan mai, når øya er grøn og fruktbar, og blomstrane blomstrar og insekta summar og det enno ikkje er for varmt til å vere ute midt på dag.

Det blir fleire reiser i framtida, til andre europeiske byar, men først skal eg til Lillehammer neste veke, for å delta på Norsk litteraturfestival - Sigrid Undset-dagane, som er den største litteraturfestivalen vi har her til lands, og den aller mest sosiale. Dit reiser "alle". Eg har vaksenarrangement både onsdag og torsdag og det er mykje spennande på programmet, så ta gjerne turen om du ikkje har anna å gjere.

4 kommentarer:

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Jeg sitter her og ruller nedover på NRK.no og oppdager så sannelig et kjent ansikt, litt av en bragd med slik plassering og en slik nominasjon. Gratulerer så mye, Aina!
http://blogg.nrk.no/bok/2013/05/29/aina-basso-nominert-til-nordisk-rad-litteraturpris/

Solgunn sa...

Hei Aina! Var i Lillehammer kirke onsdag kveld. Fint arrangement og GRATULERER SÅ MASSE MED NOMINASJON TIL NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS!

Aina sa...

Takk for gratulasjonar! Og kjekt å høyre du likte arrangementet i kyrkja, Solgunn! Neste gong må du kome og seie hei!

Solgunn sa...

Joda - neste gang kommer jeg og sier hei!