12. april 2013

Rett bok til rett tid

Eg har prøvd å lese Helle Helle før, men ikkje fått det til. Det kan ha vore noko med timinga. Eg var åleine i Roma, hadde teke med Ned til hundene, prøvde å lese, men det gjekk ikkje. Eg las to sider og la boka vekk, såg Mad Men på laptopen i staden. Då eg kom tilbake til Noreg måtte eg levere boka tilbake på biblioteket. Eg høyrte andre fortelje kor godt dei likte bøkene til Helle Helle, at ho var ein yndlingsforfattar. Bøkene er endåtil omsett av ein av mine yndlingsforfattarar her i Noreg, Trude Marstein, likevel gjekk det ikkje.

Eg prøvde igjen. Eg kjøpte Ned til hundene på eit boksal, men eg hugsar ikkje om eg prøvde å lese eller berre sette boka rett i hylla. Tida gjekk. Helle Helle kom til Noreg, til Litteraturhuset, men eg gjekk ikkje dit. Vener fortalde kor godt dei likte bøkene hennar, eg høyrte intervju med henne på radioen og tenkte eg måtte prøve igjen, ein annan tittel denne gongen. Så gløymte eg det.

I Trondheim, for nokre dagar sidan, gjekk eg ein tur på gamle trakter og fekk ein plutseleg trong til å lese noko anna enn det eg hadde med, noko smalt, noko nedpå, noko godt. I bokhandelen såg eg ei bok av Helle Helle utstilt i hylla, ho hadde eit fint omslag: Forestillingen om et ukomplisert liv med en mann. Eg kom på at eg var blitt tilrådd å lese akkurat den boka. Eg kjøpte henne, gjekk tilbake til hotellrommet, byrja å lese og las henne ut same kveld. Slikt eg nesten aldri gjer lenger, ikkje etter eg blei vaksen. Det var ei god kjensle, eg likte boka, eg likte å lese henne, likte språket.
 
I går kom eg heim og i dag tok eg Ned til hundene ut av hylla igjen, eg las dei tre første sidene og dei stod i eit anna lys enn sist, eg såg noko anna i dei enn eg gjorde første gongen, det var nesten slik at eg ikkje kjende igjen min eigen reaksjon.

9 kommentarer:

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Hei Aina - har forfatterinnen noen gode tips til leseglade ungjenter med nyoppdaget skriveglede og ditto ønske om å bli forfatter?

Aina sa...

Er det lesetips eller skrivetips du tenker på?

Det beste tipset - generelt - er å lese og skrive mykje, alt muleg, leike med språket og la fantasien fløyme. Det kan også vere kjekt å besøke skrivenettstader, lese kva andre unge skriv på og kanskje endåtil få kommentarar på eigne tekstar? Sjekk til dømes denne sida: http://skriv.no/

Melusine sa...

Ukjente bøker for meg, så takk for tips :)

aariho sa...

Kjenner meg igjen der jeg sitter med en bok jeg mener jeg skal lese, men kommer ikke i gang. Ulike grunner til det, noen ganger må en bare gi opp. Nå gleder jeg meg til å lese bøkene dine. Har nylig oppdaget deg, og ble nysgjerrig på hva du har skrevet. Hver tirsdag oppfordrer en blogger (Beathesbokhylle) oss til å skrive om en bok på vent, og i dag har jeg lagt inn "Inn i elden".

Charlotte sa...

Takk for at du fikk meg til å huske at jeg har villet lese Helle Helle lenge!

Aina sa...

Melusine:
Berre hyggeleg!

aariho:
Kjekt at du vil lese bøkene mine!

Aina sa...

Charlotte:
Kan anbefale å byrje med Forventningen om et ukomplisert liv med en mann, eller den siste: Dette burde skrives i nåtid, som eg har høyrt er veldig god.

Mette Moen Baatvik sa...

Eg har heller ikkje greid å nærme meg Helle. Men etter denne fine tilrådinga skal eg snart gjere det. Kjem du til Trondheim på Æ Å?

Aina sa...

No har eg lese Ned til hundene, også, og kjenner lyst til å lese fleire slike bøker - men kanskje ikkje meir av Helle akkurat no. Men kva skal det då vere?

Det blir ikkje Æ Å på meg denne gongen, då er eg på Sicilia!