9. april 2013

Byen i hjartet

Det er fint og rart å vere tilbake, og underleg emosjonelt. Eit vell og eit samansurium av kjensler og minne, som om heile byen, alle gatestubbar og hus, ber på erfaringar eg har gjort meg, ting eg har opplevd, menneske eg har kjent, draumar eg har drøymt. Som om byen er laga av draumar. Dei strøymer mot meg når eg går av toget, dei bankar i bringa når eg trakkar opp dei gamle spora.

Eg et på den gamle stamkafeen, saman med venninna eg budde saman med det siste året. Det er åtte år sidan no. Den raske tida. Eg som budde her i ei æve, i seks år. Eg som studerte her, blei vaksen her, levde her og aldri ville reise herifrå.

Eg går den gamle turen min langs elva, frå Bakklandet over Øya, over elva til Ila. Det er draumar overalt. Eg hadde gløymt dei, men dei var ikkje borte. Dei låg her og vaka og venta på meg. Som byen. Alt som er det same. Alt som er forandra, men likevel finst her, under det nye.

Eg drøymer framleis om å kome tilbake. Eg har aldri elska nokon by så høgt som eg elska Trondheim, men eg trur det er forbi. No er eg berre ein gjest.

4 kommentarer:

aariho sa...

Minner. De er fine, men ofte vemodige. Har akkurat sittet og mintes en stor stein som var lekeplassen min i barndommen. (Dette på grunn av at en annen blogger skrev om en stein!)

Anonym sa...

Kunne du lage ett inlegg der du forteller litt om deg selv og deg som forfatter? Har lest boken din "Ingen må vite", helt fantastisk bok!

Mette Moen Baatvik sa...

Fine Trondheim. Godt å lese. Takk!

Aina sa...

Til Anonym:
Eg har ikkje tid til å lage eit innlegg no, men det finst informasjon om meg på allkunne.no. Har du nokre konkrete spørsmål kan du sende meg ein e-post aina.basso[at]gmail.com.