3. april 2013

Med lyst til å lese

I dag, etter eit møte i sentrum, brukte eg lunsjpausen min på Norli i Universitetsgata. Eg har forfattarrabatt der, men er sjeldan på dei kantar av byen, så eg får ikkje nytta han så ofte. Men no var tida inne. Eg hadde skrive ei liste over bøker eg ville kjøpe, og skreid til verket.

I påska fekk eg ei brå lyst til å lese meir av Trude Marstein, og sidan ho ikkje har kome med noko nytt som eg ikkje har lese, fann eg på at eg ville lese Ingenting å angre på om igjen. Det er noko med bøkene til Trude Marstein, særleg dei tre siste, som er nesten berusande. Vanskeleg å setje fingeren på, noko med språket, observasjonane, historiene, personane, omgjevnadene, komposisjonen ... Det meste, tydelegvis.
Så eg kjøpte boka, snart les eg henne for andre gong.

Eg ville også kjøpe «den der Dag Solstad-boka,» som eg sa til bokhandlaren, altså Dag Solstad. Uskrevne memoarer av Alf van der Hagen, men den var, ikkje så overraskande, utseld. Eg får vente til neste gong eg er der, har ikkje tid til å lese den no uansett, er berre nyfiken.

Eg kjøpte også neste lesesirkelbok, A. S. Byatts Ragnarok, men den måtte eg på Tanum for å finne på engelsk. Sirkelen har halde koken heilt sidan 2006 og vi har omsider, i 2012, funne eit system som fungerer: Det er kvar sin gong å velje bok, kalle inn til møte, velje kafé, bestille bord og helst halde ei lita, uhøgtideleg innleiing om bok og forfattar. No er det Kristine sin tur, neste gong er det kanskje min, i så fall kjem eg til å bestemme at vi les ein kvinneleg forfattar, for no har det vore menn opp og ned i mente sidan vi las Sofi Oksanen sommaren 2011. Korfor føreslår menn alltid å lese menn? Til gjengjeld er det bøker skrivne av kvinner som har vore dei mest populære, særleg Doris Lessing og Sigrid Undset.

For dei som er interesserte, ser forresten lesesirkellista vår slik ut. Vi skal no lese vår 33. bok, og så langt har vi berre lese ti kvinner.

2013

32. Thure Erik Lund: Grøftetildragelsesmysteriet

2012

31. Daniel Clowes: Ghost World
30. Axel Jensen: Line
29. Ryszard Kapuscinski: Reiser med Herodot
28. Øyvind Rimbereid: Jimmen

2011

27. Michel Houellebecq: De grunnleggende bestanddeler
26. Sofi Oksanen: Utrenskning
25. Arto Paasilinna: Harens år
24. Henrik Ibsen: Brand

2010

23. Tomas Espedal: Imot kunsten
22. Kjersti Annesdatter Skomsvold: Jo fortere jeg går, jo mindre blir jeg
21. Herta Müller: Mennesket er en stor fasan i verden
20. Karl Ove Knausgård: Min kamp. Første bok
19. Torgny Lindgren: Ormens väg på hälleberget

2009

18. Alice Munro: Rømlingen
17. Jens Bjørneboe: Drømmen og hjulet
16. Ragnhild Jølsen: Rikka Gan

2008

15. Paul Auster: Illusjonenes bok
14. Mette Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden
13. Selma Lagerlöf: Gösta Berlings saga
12. Sjón: Skugga-Baldur
11. Orhan Pamuk: The White Castle
10. Trude Marstein: Gjøre godt
9. Carl Frode Tiller: Skråninga
8. Doris Lessing: The Grass is Singing

2007

7. Mikhail Bulgakov: Mesteren og Margarita
6. Sigrid Undset: Fru Marta Oulie
5. Erik Fosnes Hansen: Løvekvinnen
4. Truman Capote: Breakfast at Tiffany's
3. Virginia Woolf: To the Lighthouse

2006

2. Iain Pears: Et skilt ved korsveien
1. Iain Pears: Scipios drøm

3 kommentarer:

aariho sa...

Fint å se hva dere leser i lesesirkelen. Jeg er også i en lesesirkel, vi kaller det en bokklubb. Vi leser samme bok, møtes en gang per mnd og diskuterer den boka og andre. Etter å ha lest asiatisk litteratur en periode skal vi lese Anna Gavalda til neste gang.

Kjerstin sa...

Sei frå om du finn ut av det der med kvifor menn alltid føreslår mannlege forfattarar. Mi erfaring er at menn som les, ofte er heilt sikre på at dei les ei mengd bøker skrivne av kvinner. Det er berre det at kvar gong dei skal tenke på ei bok, er ho tilfeldigvis skriven av ein mann.

(Og, i parentes: Lesesirkel! Det har eg lyst til. Kvar finn ein lesesirklar? Annonserer dei på den hemmelege lesesirkeloppslagstavla? Eller må ein rett og slett kjenne nokon som kjenner nokon?)

Aina sa...

aariho:
Lesesirkel eller bokklubb er fint, særleg viss ein finn folk som ikkje nødvendigvis har same litterære smak som ein sjølv, men som er open for å lese ein del av dei same bøkene. I vår sirkel les vi ofte slike bøker som ein eller fleire av oss aldri ville lese på eiga hand, men som vi likevel har lyst til å finne ut kva er. Vi orienterer oss i litteraturen, og prøver å variere mellom norske og utanlandske forfattarar, kvinner og menn, bokmål og nynorsk, ulike sjangrar og samtidslitteratur og klassikarar. Kanskje eit slags danningsprosjekt?

Kva slags samansetjing har din bokklubb, med tanke på kjønn, alder, bakgrunn, mv. Er de like eller ulike?

Kjerstin:
Det du seier der er eit godt poeng og heilt sikkert sant. Korfor er det slik? Det er vel same grunnen som korfor bøker skrivne av menn oftare får store, viktige prisar enn bøker skrivne av kvinner. Korfor kjem vi fortare på mannlege yndlingsforfattarar enn kvinnelege?

Når det gjeld lesesirkel, oppstod den tilfeldig og spontant for vår del. Vi var nokre folk som jobba saman og tilfeldigvis las same bok. Så bestemte vi oss for å møtest når alle hadde lese ferdig, og diskutere. Då dette blei vellukka og kjekt, bestemte vi oss for å lese endå ei bok av same forfattar, og etter det ville vi fortsetje å lese bøker og snakke om dei, og litt etter litt kom fleire til, ofte kjenningar av eit av medlemmane. Vi er no i den uvanlege situasjonen at vi består av 4 menn og 3 kvinner.

Eg foreslår at du bruker sosiale medier eller får med deg nokre venner eller kollegaer og byrjar å lese!