2. april 2013

ein svikefull flaum


Lærte eg noko som forfattar av å leva saman med G? Det trur eg nok.  Det må vera kor nyttig det er å bli avbroten. Aldri fekk eg gjera noko til endes. G kom, og då måtte eg sleppa frå meg alt. Det er det beste som har hendt meg. Diktinga kan godt venta, det har eg lært. Det gjer ikkje noko om flaumen av ord blir klipt over. Flaumen av ord er likevel svært svikefull. I pausen du blir tvinga til å ta, kan du kanskje tenkja. Då kan du sjå nøkternt på det du var i ferd med å lulla deg inn i då drosjen kom.

Lars Amund Vaage, Syngja (2012).

1 kommentar:

aariho sa...

Syngja er ei vakker bok, som eg skreiv om på bloggen min da eg las ho.