3. juni 2013

Ny nordisk nominasjon

Då er den gode nyheita endeleg offentleg og eg kan juble høgt over den gjæve nominasjonen til Nordisk Råds aller første pris for barne- og ungdomslitteratur! Vi er to nominerte frå Noreg, den andre er Inga H. Sætre, med den teikna ungdomsromanen Fallteknikk. I tillegg er det to norske nominerte frå det samiske språkområdet, Signe Iversen og Sissel Horndal (ill.) med biletboka Manugánda ja Heike (Månegutten og Heike), og 11 frå dei andre nordiske landa, som eg sjølvsagt no må lese, alle saman. Ei fin mulegheit til å orientere seg i noko av den nordiske barne- og ungdomslitteraturen.

Alle dei fem prisane frå Nordisk Råd vil bli delt ut 30. oktober i Den Norske Opera, og utdelinga blir direktesendt på tv i alle dei nordiske landa. Mykje nytt og staseleg her altså! Nytt av året er visstnok også at ingen av vinnarane får vite noko på førehand, men må sitje uvitande i finstasen og skjelve under lyskastarane.

Nordisk Råds prisar består av ein litteraturpris, ein filmpris, ein musikkpris, ein natur- og miljøpris og no også ein barne- og ungdomslitteraturpris.

4 kommentarer:

Gråbekka`s Blogger sa...

Gratulerer!:) Morsomt å høre:)

Anita Ness sa...

Gratulerer! Kjempegøy!
Jeg syne sogså du/dere hadde en flott opptreden i Lillehammer kirke under Litteraturfestivalen og har skrevet blogginnlegg om det.:

http://artemisiasverden.blogspot.no/2013/05/litteraturfestivalen-pa-lillehammer.html#more

Aina sa...

Tusen takk for det! Og takk for fin omtale, Anita!

Randi Helgerud sa...

Gratulerer med nominasjonen! Det er virkelig hyggelig. Det er et stort fremskritt for barne- og ungdomslitteraturen at det er opprettet en slik pris! Jeg liker bøkene dine veldig godt, og formidler dem så godt jeg kan som bibliotekar ved Drammen vgs!