18. november 2011

På vegen (2)

Når du les dette, er eg over alle haugar.

Eg har aldri vore på turné før, ikkje så langt heimafrå. Det er ikkje det same å reise på skuleturné i eigen by, som å reise vekk og bu på hotell i to veker.

Eg skal reise frå bibliotek til bibliotek i Nord-Trøndelag for å snakke om den førre romanen min, «Fange 59. Taterpige». Eg skal på vegen for å seie noko om historia til dei reisande i Noreg.

Fly, tog og buss. Det er annleis for meg å reise rundt for å arbeide enn det var for dei reisande eg skal snakke om. Hest og kjerre var det mest vanlege framkomstmidlet, fram til hesteforbodet kom på slutten av 1940-talet. På Sunnmøre kom dei gjerne i båt.

I fleire hundreår var dei reisande ein vanleg del av det norske samfunnet og i fleire hundreår pågjekk ein stadig meir aktiv politikk for å utrydde dei, eller i det minste få kulturen til å bli borte. Allereie på 1700-talet fanst det lover som regulerte liva til dei reisande. Å bevege seg frå stad til stad var ikkje tillate utan gyldig reisepass. Eit slikt fekk du berre viss du hadde fast bustad og kunne dokumentere at du måtte forlate bustaden for å finne deg arbeid ein annan stad.

Folk prøvde gjerne lukka i byane, men byane var strengt regulerte. Kven som helst fekk ikkje kome og drive handel og handverk, det var privilegium for slikt, og det var dette dei reisande dreiv med.
Så om ein ikkje fekk livnære seg ved å selje tenestene sine, kva då? Tigging var ikkje lov og blei du teken for slikt blei du anten kasta ut av byen eller sett i tukthuset til forbetring. Det var det som skjedde med ungjenta Maria Andersdatter, som eg har skrive om. Ho blei teken til fange fordi ho var «taterpige». Omstreifing var eit lovbrot i seg sjølv.

Utover 1700-talet blei lovene stadig strengare og på 1800-talet byrja ei kartlegging av det reisande folket med det formålet å få bukt med «fanteondet». Forskaren Eilert Sundt tok vegen fatt for å få dei reisande i tale, men dei var ikkje alltid så lette å finne.

Eit hundreår seinare var dei heller ikkje alltid lette å finne, då nazistyresmaktene byrja leite dei opp for å sende dei til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Dei myndigheitene hadde lukkast med å busette blei tekne, dei som var på vegen sleppte unna.

Historia om korleis dei reisande er blitt behandla i Noreg er lang og brokete. Tvang og overgrep har vore kjerneomgrep, særleg framover 1900-talet. Medisinske eksperiment utført på barneheimsbarn, tvangssterilisering, lobotomering og LSD-eksperiment. Tvangsbusetjing og barn tekne med makt. Norsk Misjon blant hjemløse såg det som si oppgåve

«bevisst å utrydde et folks egenart, deres språk, deres livsform. Vi prøver å løsrive dem fra forbindelsen med slekten som de har følt seg knyttet til med sterke bånd. Vi prøver å gi dem eiendom og forpliktelser, vaner og behov som ikke lar seg forene med omstreifertilværelsen de har vært vant med, og som deres forfedre har levet gjennom århundrer.» 

Korleis kan ein nokon gong gjere det godt igjen?

Romani/ reisande/ tater. I dag er det ueinigheit om dei norske reisande tilhøyrer eitt eller fleire folk. Dei har tre språk: rotipa, rodi og romani. Språka skil seg frå kvarandre i større eller mindre grad, det gjer nok kulturen også. Men det finst enno ein levande kultur, verken han eller folket er utrydda. Mange reiser framleis og driv handel, mange kjenner framleis prikkinga i blodet når våren kjem.
No er det eg som skal på vegen. Kanskje eg skjøner alt litt betre då?

Spalte i Sunnmørsposten, fredag 11.11.11

2 kommentarer:

annemarie sa...

Overgrepene mot de reisende er en skamplett for den norske stat og vil alltid være det. Selv i dag blir tatere enkelte steder nektet å slå leir. Det skjer ikke ofte, men det skjer. Det er trist å tenke på.

Aina sa...

Det er veldig trist, men eg trur på ei betre samtid og framtid!