15. november 2011

Inn i Trøndelag

Eg har gått ein kilometer langs Snåsavatnet i stappmørkret. Eg har hatt sju arrangement på nord-trønderske bibliotek, flest føredrag, to intervju. Eg har bussa og toga, sett Verdalen, Inderøya, Steinkjer og Levanger, Namsos Rock City, Grong og Snåsa. Eg har sett skoddete skogar i vintersol, rimfrosne marker og svarte åkrar; feitgule månar og solnedgangar. Smale, svingete vegar, elver og sjøar, togskinner langs ein lang, lang fjord.

No nærmar slutten seg. Tre dagar igjen, så heimatt. Til språkvask og siste innspurt. Boka kjem i februar. Eg trong ikkje bloggavstemming på tittelen denne gongen. Det blir Inn i elden.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig fin tittel, Aina. Kjenner orda dreg meg mot boka allereie. Gler meg til å lese.

Linda HD

Aina sa...

Takk for det, Linda, kjekt du liker tittelen!