31. oktober 2011

På vegen (1)

 
Plakaten blir større om du klikkar på han
Ein tovekers turné står straks for dør og eg må for første gong planlegge for å vere så lenge på vegen.

Det er til Nord-Trøndelag eg skal, rundt omkring i fylket, der eg skal besøke ni ulike bibliotek for å snakke om Fange 59. Taterpige og historia til romanifolket i Noreg.

Sjølve arrangementa er eg førebudd på, dette har eg snakka om mange gonger sidan boka kom ut for eit år sidan. Det er det å vere så lenge på vegen eg er spent på.

Korleis blir det å bu så lenge på hotell? Kva er nok klede å ha med seg, og kva bøker skal eg velje? No skal eg vere ein slags reisande sjølv. Ein fin dimensjon å ta med seg på turné når ein skal snakke nettopp om reisande. Og sidan eg skal besøke bibliotek treng eg ikkje bekymre meg så mykje for lesestoffet, bøker skal eg klare å få tak i. Kanskje eg endeleg skal ta lesinga heilt på sparket?

Det blir spennande med turné. Og det hadde vore kjekt om nokon av blogglesarane mine bur i områda eg skal besøke! I så fall må de gi dykk til kjenne om de kjem og høyrer på.

5 kommentarer:

Janicke sa...

Så tøft!! Lykke til!

Elin sa...

Så gøy! Skulle gjerne ha hørt på!

Her har du fordelen med lesebrett på reise: Du kan stappe det smekkfullt av bøker, og så leser du hva du måtte føle for av det du har der. Ellers har du kanskje et nasjonalt lånekort? Da kan du låne ett sted, og levere et annet.

Lykke til, Aina!

P.S. Har byttet domene til bloggen min. ;)

Aina sa...

Takk for det!
Eg har (sjølvsagt) nasjonalt lånekort og liker best gode, gammaldagse bøker av papir, uansett, så det skal nok gå veldig bra.

MagFly sa...

God tur. Dette har ein av dei andre forfattarane eg følgjer skrive om: http://www.yarnharlot.ca/blog/archives/2011/10/12/packing.html

Litt ekstra på grunn av all strikkinga, men kanskje nokre tips å plukke opp.

Ho skriv mykje morosamt frå alle turane. T.d. då ho utan linse kom til å forveksle shampo og bodylotion i dusjen...og ikkje hadde tid å vaske håret ein gong til.

God tur!

Aina sa...

Takk for tips! Skal gjere som ho seier. Men enklare: køyrer svart.