25. oktober 2011

Drama med Hilde

Eg fann henne på Fretex i Ålesund saman med ein gjeng andre, men las henne ikkje med det same. Så plutseleg var tida rett og eg tok henne med på tur: Drama med Hilde av Vigdis Hjort, første gong utgitt i 1987.

Dramalæraren Hilde er frykteleg usikker og engsteleg, noko som fører til at ho blir forferdeleg sjølvmedviten og oppteken av korleis ho framstår. Linsene ho har fått, fordi ho meiner brillene er så ukledelege, får stadig eit rusk på seg, det blir ein tvangstanke, stadig må ho gni seg på auget, halde handa over det, springe ut i garderoben på skulen og syge linsene reine i munnen.

Stadig henger ho seg opp i korleis ho ikkje er pen nok, ikkje rein nok. Håret er ikkje langt nok, huda ikkje fin nok, neglene ikkje lange nok og knekk heile tida. Ho er ikkje tynn nok, har ikkje fine nok klede. Ho føler ho står i fare for å bli avslørt som det ho eigentleg er: ikkje bra nok, udugeleg til alt.

I denne romanen viser Hjorth sitt sedvanlege vidd og si skarpe observasjonsevne, men språket i denne tidlege romanen er mindre hogd enn eg har opplevd i dei seinare bøkene. Snarare er det noko solstadsk over formuleringane, over rytmen i teksten. Eg liker det.

For meg fanst der ein personleg, humoristisk parallell: nemleg at eg sjølv hadde ein dramalærar som heitte Hilde på vidaregåande. Heldigvis var ho langt frå romanens Hilde, både i sinn og skinn.

HER er ei fin melding frå Dagbladet, frå året boka kom ut.

Ingen kommentarer: