18. februar 2011

Den digitale fjorden

Hjernen er blitt digital. I staden for å seie at ei datamaskin er som ein hjerne, seier vi at hjernen er som ei datamaskin. At alt finst lagra der, alle minne og sanseinntrykk, kanskje gøymt, kanskje gløymt og forlagt i ei mappe utan namn, men ikkje sletta. Alt kan gjenopprettast sjølv om harddisken krasjar, alt finst i hjernen, han er ei maskin.

Vi er digitale vesen i ei elektronisk verd. Om kvelden set eg mobilen min på ringing til morgonen etter. Buss- og flytogrutene har eg sjekka på min berbare Mac, eit uerstatteleg verkty, ein arbeids- og fritidsreiskap eg aldri reiser vekk utan og som eg sit med på fanget store delar av dagen. Eg har vore inne på nettbanken for å sjekke saldoen, og før eg legg meg tek eg ein siste runde innom dei faste nettstadane: e-post, facebook, twitter, blogg.

Alt eg gjer set elektroniske spor etter seg. IP-adressa mi set avtrykk på alle nettsidene eg besøker. Eg trekker kortet før eg går om bord i flytoget, trekker det igjen når eg kjem til Gardermoen. Eg betaler med kort i kiosken og har på førehand sjekka inn via internett. Medan eg ventar på å gå om bord snakkar eg i mobilen.

Så byrjar problema. Flyselskapet sitt datasystem er nede og vi kan ikkje gå om bord. Flyet står og ventar, kabinpersonalet er klart, flygarane sit klare, passasjerane. Først etter ein og ein halv time klarer flyselskapet å løyse problemet: Dei har fått henta ut ei passasjerliste på papir og kryssar oss av manuelt før vi går om bord. Dei som har sjekka inn bagasje må gå ned på rullebanen og identifisere han før dei får setje seg.

Den digitale kvardagen er så naturleg, no, at eg sjeldan ofrar han ein tanke. Vi er aldri presise til avtalar lenger. Fem minutt før vi skulle ha vore ein stad sender vi tekstmelding og seier vi er eit kvarter for seine. «Å, det var bra,» er svaret: den andre er også for sein. Vi spionerer på kvarandre på nettet. Eller, vi treng ikkje eingong spionere, for alt er ope og tilgjengeleg, skattelister, adresser og resultat frå sportsturneringar. I tillegg legg vi informasjon ut frivillig for fleire hundre «venner» på facebook eller på offentleg tilgjengelege, merkverdig private bloggar. Vi twitrar om stort og smått: fortel når vi har stått opp om morgonen, kva vi ser på tv, kva vi har ete til kvelds, kor mange glas vin vi har drukke på laurdagskvelden. Om vi møter eit nytt menneske legg vi kvarandre til på facebook og går gjennom kvarandre sine profilar. På ein halvtime veit vi om vedkomande har partnar og barn og korleis dei ser ut, kor ferieturen dei siste åra har gått, kva slags interesser vedkomande har og kor vedkomande har jobba.

Vi fortel kor vi er, kor vi skal og kor vi drøymer om å vere. Vi bruker nettet til iscenesetjing, sjølvskryt, sjølvforakt og sjølvbedrag. Vi slenger rundt oss med spontane uttalingar, meir eller mindre seriøse. Eitt av nettsamfunna eg tilhøyrer er eit arkiv over unge menneske sine pinlege utsegner i fylla, utsegner som aldri blir sletta.

Eg som var så glad i cd-plater har no all musikken min på digitale filer, fleire tusen låtar på ein ørliten dings som veg nærmast ingenting og er med overalt. Eg høyrer aldri på radio på radioen, men på podkast på den vesle dingsen, og snart byrjar eg vel lese bøker på data, òg, eller på lesebrett, som det blir kalla.

Trass alt dette slo det meg ikkje kor digital eg er blitt før flyet gjekk inn for landing den dagen. Eg såg ut på ein fjord dekt av tynn isfilm og min første tanke var: denne fjorden har verkeleg låg biletoppløysing.

Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 18. februar 2011

5 kommentarer:

bandanders sa...

Fint å lese. Og når du legg ut fredagsspalta di på bloggen, så slepp eg å abonnere på Sumpen.

Men så: Ein skikkeleg elektromagnetisk puls og vi er i steinalderen og venekrinsen er redusert frå 1000 til 0 på ein brøkdel av eit sekund om vi har stelt oss ille. Samstundes er det einaste halmstrået for varaordførarar og andre som har dumma seg ut på Facebook.

Aina sa...

Då går du glipp av dei flotte illustrasjonane til Inger K. Giskeødegård, som du berre får i papiravisa!

Ein del av meg lengtar etter den elektromagnetiske pulsen du skriv om. Ein annan er fullstendig klar over at overgangen ville vore meir enorm enn eg klarer å førestelle meg. Ok, eg ville kome meg inn i leilegheita mi, men utover det? Kva er ikkje styrt av datateknologi i dag?

Elin sa...

Må innrømme at å lese bøker på det lille, lette lesebrettet mitt er så behagelig at bare tanken på å drasse rundt på de store bøkene er et ork (ja, til og med de heftede). Det vil ikke si at jeg har kuttet ut pbøker helt, men foretrekker å lese dem hjemme.

Røsslyng sa...

Hehe. Minnar meg om den gongen eg leita etter noko, og tenkte: Jaja, eg har no alltids "søk i programmer eller filer" som siste moglegheit;) Fin blogg!

Aina sa...

Elin:
Eg, derimot, skal halde meg unna lesebrett så lenge som muleg. Papir! Men om ti år sit eg vel der, eg òg, med nasen i ein skjerm.

Røsslyng:
Takk for det. Morosam lita historie du hadde!