15. februar 2011

Innsirkling

Tiller fekk Brageprisen og Kritikerprisen for Innsirkling i 2007. Foto: Dagbladet
Eg har sytti sider igjen til kvelden, det held akkurat.

Det er ei stund sidan eg blei så hekta på ei bok som eg er blitt på Carl Frode Tillers Innsirkling dei siste dagane. Eg har lenge tenkt eg skulle lese boka, men det var først no som det er sett opp teaterstykke av boka på Det Norske Teatret, og eg har bestemt meg for å gå, at eg fekk ut fingeren.

I dag har eg tråla alle bokhandlar etter Innsirkling 2, utan hell, så eg har bestilt boka frå det lokale biblioteket og ser fram til å hente henne i morgon. Det er nokre bøker ein er glad ein har valt å lese. Innsirkling er ei av dei.

Måten Tiller bruker 'bipersonar' til å sirkle inn historia om den fråverande hovudpersonen David, som lid av amnesi, er både interessant og medrivande. Gjennom fleire stemmer stig hovudpersonen sakte fram, men mest av alt er det dei sjølve vi blir kjende med, og samfunnet og miljøet dei er og har vore ein del av. Eg har alltid vore fascinert av fleire stemmer som fortel den same historia frå ulike perspektiv, med ulike tolkingar og konklusjonar. Det viser kor subjektiv sanninga er, kor påverka av subjektet sine motiv og kjensler.

Eg lurer på kor Tiller skal med dette prosjektet. Det skulle først bli ein trilogi, no snakkar han om ein kvartett. Er det David sjølv som får ordet i siste boka?

3 kommentarer:

Beatelill sa...

Jippi, flere som liker Tiller :) Gled deg til Innsirkling 2! I tillegg kan jeg anbefale "Skråninga", det er litt av en leseopplevelse"

Eseløret sa...

"Skråninga" bergtok meg.

Aina sa...

Då har eg byrja på Innsirkling 2 og det kjennest heilt rett. Skråninga har eg lese for nokre år sidan, veldig sterk bok.