23. februar 2011

Innsirkling 2

Det plagar meg at det ikkje finst fleire Innsirkling-bøker enno. Eg vil ikkje slutte å lese om desse menneska. Eg har seksti sider igjen av Innsirkling 2 og eg vil spare på dei så lenge eg kan. Eg har lese om Ole og Tom Roger og er no inne i Paula si verd, hennar minne om David som barn.

Det var Tom Roger som gjorde sterkast inntrykk i denne boka. Fyren som kallar seg white trash, som blir overmanna av blindt raseri i fylla og denger laust på sambuaren sin, som etterpå unnskyldar han, men han vil ikkje bli unnskyldt, han veit han har oppført seg forkasteleg, han veit han ikkje vil endre seg, veit han vil gjere det igjen.

Som i Innsirkling er det tre personar, tre forteljingar og tre brev til David i denne boka. Men underleg nok er ikkje David blitt klarare for meg. Dess meir som blir fortalt, dess fleire som fortel om han, dess lenger unna driv han. Eg klarer ikkje setje saman dei seks historiene eg (snart) har lese til eitt bilete, til eitt menneske. Kven er David? Har han verkeleg mista minnet, eller er dette eit kunstprosjekt, som Silje i bind 1 lurer på, er dette kanskje romanen nokon har høyrt rykte om at han skriv på?

Carl Frode Tiller har sjølv uttala at han ikkje kjenner svaret enno. Eg ser fram til å bli med han på vegen vidare for å finne det.

Tilføying, 24.02.2011:
Eg har no lese ut heile boka, og mot slutten av Paula si historie byrja eg få kjensla av å følgje ein såpeopera, så usannsynlege vendingar tok historia. Eg er no endå meir nyfiken enn før på kva som vil følgje. Snakkar Paula sant? Og om ho lyg: korfor?

2 kommentarer:

Anita sa...

Har ikke lest disse jeg heller, kanskje på tide?

Aina Basso sa...

Det fine med bøker er at det aldri er for seint å lese dei. Når det er sagt er det ingenting som skulle hindre deg i å nyte dei no!