25. februar 2011

Å utvide sanninga

«Maria Andersdatter Tatterpige»
Stundom kjem bileta, som ut av ingenting. Eg sit på stolen, går på vegen, les avisa, og der er det: Eit bilete av ei kvinne som pikkar på ei glasrute med naglen.

Andre gonger er det ikkje så mykje eit konkret bilete, som sansingar, dei kjem som piler frå mørkret, føyer seg saman til ei stor kjensle: Her er det noko, dette må eg skrive om. Det er ikkje lett å forklare, det er intuitivt, eg ser noko, eg føler noko, eg får ein sterk trong til å skrive om det.

Destillert og fargelaust
Den første boka mi byrja heilt annleis. Der hadde eg ei heil masteravhandling i historie å bygge på før eg byrja skrive romanen. Der hadde eg vald ni kvinnelege fangar frå Tukthuset i Trondheim på 1730-talet, alle dømde til straffearbeid for blodskam. Eg hadde følgt spora deira bakover: Kven var dei, kor var dei frå, korfor var dei dømde til døden og korfor blei dei benåda? Eg såg på dei større strukturane i samfunnet, på mentaliteten, maktforholda, kjønnsrollene. Eg oppdaga at under dei snirklande, stundom unnvikande, stundom grufullt direkte formuleringane, fanst det menneskelege liv og lagnader, fanst det store menneskelege drama, på liv og død, som inneheldt kjærleik og vald og hat, tillit og svik: nedfelt og destillert i ein protokoll og fråteke all temperatur, all farge. Utsegn blei gjengjevne openbert forkorta, i eit høvisk dansk vitna ikkje snakka. Men bak protokollspråket, bak dei lange setningane, kva fanst der?

Eg gjekk metodisk til verks. Sidan eg ikkje valde eit stort saksmateriale, kunne eg finne ut alt som var om desse ni. Eg følgde dei frå bygdetinget til lagtinget til overhoffretten til dei kongelege resolusjonane om benåding og tilbake dit eg starta, til tukthuset igjen. Eg følgde dei frå Statsarkivet i Trondheim til Riksarkivet i Oslo til Rigsarkivet i København. Sakene var handskrivne i gotisk skrift, det første eg måtte gjere var å lære eit nytt alfabet. Deretter måtte eg freiste dechiffrere dei ulike handskriftene, nokre enklare enn andre. Så var det sjølve orda eg måtte forstå, nokre vendingar er gått ut av bruk sidan 1730-åra, nokre har endra meining. Den siste biten var den mest interessante, nemleg analysedelen.

Eg ville kome nær det menneskelege i rettssakene og fann to metodar eg kunne bruke: den mikrohistoriske og den mentalitetshistoriske. Den mikrohistoriske metoden handlar om å desentrere blikket og bruke det marginale for å kaste lys over det normale. Det er ofte rettskjelder, inkvisisjonsrapportar og fangeprotokollar som blir nytta som grunnlag for mikrohistoriske undersøkingar; kjelder som fortel om menneske som beveger seg i randsonene av det normale, som har utført overskridande handlingar. Metoden er ei tett skildring av sosiale handlingar og ei tolking av den sosiale diskursen handlingane inngår i. Ambisjonen er å krinse inn sjølve livet og skrive dei gløymte folka inn i historia. Mikrohistoria er òg ein kritikk av makrohistoria sin strukturanalyse, dei store individa si historie og reduksjonen av einskildindivid til statistiske tilfelle.

Mentalitetshistoria er på si side knytt til gestar, handlingar og haldningar og ligg nær opptil psykologien. Alle slags kjelder kan vere kjelder for mentalitetshistoria, men dei beste er dei som vitnar om sinnsstemningar, slik til dømes rettsprotokollar kan gjere.

Ein grunn til å skrive
Eg hadde vilja bli forfattar sidan eg var barn. Hadde alltid skrive skjønnlitterære tekstar, leikt med språk, form og sjanger, prøvd å finne noko å skrive om, men etter kvart som eg blei eldre verka alt stadig meir banalt, gjort så mange gonger før. Så skjønte eg det. At tanken ikkje hadde slått meg tidlegare verkar i ettertid uforståeleg. Eg hadde sete i universitetskantina med ei venninne medan vi begge var masterstudentar og diskutert vegen vidare. Vi ville begge skrive skjønnlitteratur og vi ville begge bli forskarar. Ho snakka om at eg kunne bruke det skjønnlitterære språket i ei doktoravhandling, og eg nikka, likevel slo det meg ikkje enno, at eg kunne gjere omvendt. Eg kunne bruke det historiske i fiksjonen. Eg kunne skrive ein historisk roman.

Då innsikta kom, fann eg endeleg motoren eg hadde mangla. Eg fekk noko å bruke språket mitt på. Endeleg hadde eg ein grunn til å skrive. I den første romanen min, ungdomsromanen «Ingen må vite», brukte eg nokre av blodskamssakene frå masteroppgåva. Endeleg kunne eg dikte vidare på dei få linjene eg hadde funne om desse jentene. Eg valde å bygge ei historie over den sakstypen som var mest vanleg, blodskam mellom stefar og stedotter. Eg ville inn i situasjonen, eg ville utforske kva som kunne ha skjedd. Eg valde namn frå kjeldene, Ingeborg, Gabriel, Mikkel, Peder. Eg bestemte meg for eit landskap, lærte om byggeskikk, matvanar, klesdrakt. Og historia opna seg. Plutseleg kom bileta av Ingeborg til meg. Ho plukkar steinar og legg dei i skjørtet sitt. Ho slikkar grådig på ei trestamme.

Livstid i tukthus
Ein må alltid byrje ein stad. Mange forfattarar seier at dei byrjar å skrive utan å vite kva dei vil skrive om, kor dei skal. Andre har tenkt ut heile bøker i hovudet før dei set seg til skrivebordet. For meg er det ei blanding. Då eg tok mellomfag i historie – sosialhistorie frå tidleg nytid – skreiv eg ei semesteroppgåve der eg brukte den første fangeprotokollen frå Tukthuset i Trondheim. Den første innskrivne var ei svært ung jente: «Maria Andersdatter. Tatterpige». Ho kom frå Sverige med «en heel Complot» av taterar og var tretten år då ho blei sett inn i tukthuset saman med foreldra sine i 1737. Etter tretten år blei ho overført til teneste hos «Probsten Thode», som Andreas Erlandsens «Biographiske Efterretninger om Geistligheden i Trondhjems Stift» kan fortelje at var stiftsprost i Trondhjem Stiftamt og sokneprest til Nidarosdomen og fekk 12–15 barn, kor av fire (eller sju) ikkje voks opp. Maria fekk med seg to andre «slaver» og rømte, men blei snart fanga og sett inn i tukthuset igjen, denne gongen på livstid.

Dette var ikkje ein vanleg lagnad. Dessverre finst det ingen mulegheiter til å finne ut korfor tilfellet Maria Andersdatter skilte seg slik frå den vanlege praksisen for slike som henne. Ho var tilsynelatande innsett fordi ho var tater og lausgjengar, men at ho ikkje sleppte fri etter eitt til to års forbetring og opplæring i arbeid og kristendomen, slik andre gjorde, er umuleg å forklare. Kanskje var ho spesielt «vanartig» og ikkje sett på som skikka til å bli lauslaten?

Det blei raskt openbert for meg at sjølv om eg ville skrive om Maria, aller helst om den verkelege Maria og den verkelege prosten, blei det for komplisert å freiste skape ein god roman utav det. 12–15 barn? Livstid i tukthus? Eg bestemte meg for å gjere nokre endringar. Maria blei nokre år eldre, slik at ho nesten var vaksen, men ikkje heilt, eg gjorde prosten barnlaus, og medan eg ville behalde namnet til Maria, ville eg endre namnet til prosten. Det byrja kome bilete av Maria. Eg såg henne stikke handa ned i ein sekk med korn. Eg såg henne legge handa mot ei ruglete glasrute. Eg såg henne stå urørleg i skogen, følgje ein rev med auga.

Dei gløymte folka
Eg måtte finne ut kven ho var og korfor ho var slik. Eg måtte setje meg inn i hennar tankeverd. Eg byrja lære om romanikulturen, om deira historie, eg prøvde å lære litt av språket, lytte til musikken. Eg måtte òg finne ut korleis Trondheim og menneska i byen var kring 1750. Eg sat på kafeen Ni Muser, like ved Nidarosdomen, og reiv mentalt ned det eg såg rundt meg. Eg reiv ned byggverka som er komne til dei siste 260 åra, eg gjekk på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og såg på byhus frå perioden. Eg oppsøkte tukthuset, som framleis står i Kongens gate, eg leitte opp gamle kart og måleri, eg las skifte frå perioden, kva slags eigedelar rikfolk hadde, las meg opp på parykkmotar, fann tidsriktige salmar og sitat frå gamle biblar.

Eg ville ikkje gå makrohistorisk til verks, som eg synest mange historiske romanar gjer. Det skal alltid vere dei store historiene, dei store lerreta, dei store historiske personlegdomane. Eg ville skrive om dei gløymte folka, vise dei «små» menneska og verda dei levde i. Eg ville skrive bøkene slik eg ville ha skrive om noko frå mi eiga tid. Eg ville bruke det same språket, eg ville bruke dei same grepa. Noko måtte likevel bli annleis.

Røyndomseffekten
Historikaren Erling Sandmo, som har gjort mykje på kriminalitet og mentalitetshistorie, bruker noko han kallar «virkelighetseffekten» i tekstane sine, eit omgrep henta frå Roland Barthes’ artikkel med same namn frå 1968. Barthes ser på dei tilsynelatande uviktige detaljane i ein roman, som ikkje er avgjerande for handlinga, men som likevel er med i skildringa. Desse detaljane, som barometeret som heng over pianoet i «Madame Bovary» av Gustave Flaubert, har einast ein funksjon: Dei skaper ein røyndomseffekt. Sandmo bruker dei same skjønnlitterære verkemidla i sine fagtekstar for å gjere historiske hendingar og personar meir levande for oss, meir verkelege. Eg har brukt røyndomseffekten med motsett forteikn. Ved å bruke sitat frå verkelege historiske kjelder, får fiksjonen ei forankring i noko som har eller kan ha hendt, noko som gir ei kjensle av røyndom. Dei historiske kjeldene har eit eige språk, ein eigen patina som gjer dei til noko framandt og eksotisk i vår tids tekstar. Å bruke utdrag frå verkelege kjelder i ein roman skaper fleire tekstlege nivå, ikkje berre reint språkleg, men òg ved å skape fleire røyndomsnivå i teksten. Det «verkelege», altså fiksjonen, blir representert ved historia eller handlinga, medan det verkeleg verkelege blir representert ved noko som tilsynelatande er sant: den originale, historiske kjelda.

Historikarar veit at ein ikkje kan finne ei stor og heil og fullstendig sanning. Det handlar ikkje om å finne sanninga, det handlar om å utvide henne. Historiske romanar kan òg vere ein arena for dette. Ei blanding av forsking og fiksjon, der alt som må vere historisk korrekt er det, men som ved hjelp av det skjønnlitterære kan gjere det historiske meir «verkeleg» enn ein fagtekst kan. Medan dei historiske kjeldene kan gi oss namn og handlingar, kan fiksjonen gi oss menneska: Ho som drøymer at byen brenn om natta, ho som vaknar og vil noko anna.

Essay i Klassekampen, 19. februar 2011. Avfotografert kjelde: Statsarkivet i Trondheim. Fangeprotokoll nr. 1 for Trondhjem Tugt- og Verks-Huus 1737-1814, fange nr. 1, Maria Andersdatter Tatterpige

5 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Leste den i KK. Fin.

Tehme Melck sa...

Så du forresten denne artikkelen i Aftenposten i går? Her var det mange skjebner mellom linjene, jeg fikk nesten tårer i øynene da jeg leste det. Mye stoff! Men antagelig godt kjent for deg fra før, siden du har jobbet i Oslo Byarkiv.
http://www.aftenposten.no/fakta/innsikt/article4040948.ece

Aina sa...

Takk for det, Jørn!
Veldig sterk artikkel, bra jobba av Byarkivet!

Anonym sa...

Interessant å lese dette!
Hilsen Line : )

Aina sa...

Takk for det, Line.