28. februar 2011

Ulvane i myra

to fyrar med føter i hosene og innsydd skamkapsel
Ord er morosamt. Uttrykk er morosame. Første gong uttrykket «auge store som tinntallerkenar» kom til sin rett for min del, var då eg kunne bruke det i Fange 59. Taterpige og det faktisk hadde relevans for tidas vokabular. På 1700-talet var nemleg tallerkenar av tinn i bruk.

Uttrykket «ugler i mosen» er nokså ugjennomtrengeleg for mange av oss. Vi bruker det når noko er «muffens». «Muffens» betyr at noko er mistenkeleg og kjem kanskje frå det tyske ordet «Muff» som betyr muggen lukt, og må for alle del ikkje forvekslast med «muffins», som er eit herleg bakverk, gjerne med sjokoladebitar i. Det er altså ikkje nokon muffin i mosen, sjølv om det kunne vore forlokkande nok. «Ugler i mosen» kjem visstnok av det danske «ulve i mosen», de kan jo sjølve prøve å uttale det på dansk, noko som betyr at det ligg ulvar på lur i myra (mose = myr) og med ein gong verkar langt meir skremmande enn dei stakkars moseuglene (uhu).

Eit anna uttrykk eg ikkje heilt skjønte var «skrubbsvolten». «Eg er skrubbsvolten,» seier vi jo frå tid til anna. Men kva er ein skrubb og korfor er han svolten? Og der kom altså ulven på banen endå ein gong. Skrubben som er svolten er eit anna namn for ulv. Ulven har altså spelt ei viktig rolle opp igjennom tidene og vore med på å forme fleire av dei uttrykka vi framleis bruker mykje.

Ein del uttrykk er lette å forstå. «Slu som ein rev», det ligg jo i ordet, «som hand i hanske», det seier seg sjølv, men «som fot i hose» er kanskje ikkje like lett for dagens unge. For kva er ei hose og kva har foten der å gjere? Det heile blir svært logisk med det same ein får vite at hose er det same som strømper eller strømpeliknande beinklede, altså bukser eller kanskje snarare tights, i mange tilfelle. Gjerne med påsydd «skamkapsel», også kalla buksesmekk.

Men der er eitt uttrykk som eg ikkje forstår opphavet til, sjølv om eg skjøner tydinga, så eg håper det er nokon av dykk lesarar som kan hjelpe meg. Uttrykket eg lurer på er dette:

«å ta bladet frå munnen»

Kva slags blad er det snakk om og kor stammar uttrykket frå?

Biletet er lånt frå Wikipedia sin artikkel om «Hose»

3 kommentarer:

kristin sa...

Jeg la inn spørsmålet på Språkteigens facebookside, kanskje noen der vet det?

Aina sa...

Vi kan jo håpe!

Aina sa...

Det ser ut til at løysinga er her. Saksa frå Språkteigen på facebook:

Helge Julius Jakhelln Dyvik skriv:

«Uttrykket er kjent i Skandinavia, Nederland og Tyskland, og antas å ha sin opprinnelse i Adam og Evas fikenblader - selv om de som kjent ikke ble båret foran munnen. Det tyske opprinnelige uttrykket var «Kein Blatt vornehmen», altså ikke å ...holde noe blad foran, i betydningen ikke å sjenere seg. Siden dette gjerne ble brukt om ikke å sjenere seg verbalt, fikk vi etter hvert uttrykket «Kein Blatt vor den Mund nehmen», altså ikke å holde noe blad foran munnen, som da senere ble «Das Blatt von dem Mund nehmen» ‘å ta bladet fra munnen’. (Evenesberget & Gundersen: Bevingede ord.)»

Takk!