8. mars 2011

Byggjeplassen

«Jeg har jobbet her siden jeg fikk fagbrev. Jeg er forskalingssnekker. Navnet mitt skiller seg like mye ut som de polske, i begynnelsen trodde Willy T at jeg var reinholderen.»

Bror min byggjer sitt eige hus. Eg ser han frå kjøkenvindauget til foreldra våre. Rett nedom vegen er tomta hans, inst ved granene, der det er lunast. Like over naustrekkja, fjøresteinane, bølgjene som kjem, dreg seg attende, kjem.

Bror min bruker sin eigen kropp. Armar og rygg, bein og hovud. Far hjelper, og ein annan kar. Dei løftar og lempar, set stein på stein, smør mørtel mellom blokkene. Dei lagar gap til vindauga, ein ny etasje på den første. Eg klyv opp den provisoriske trappa. Dei peiker og forklarer. Her blir verandaen, her blir kjøkenet, her blir badet med varme i golvet. Eg ser på lecablokkene. Går til vindaugsgapa og kiker utover. Ned på hamna med båtane, sundet mellom denne øya og neste. Over fjorden der byen ligg så fint under fjella. Dette blir huset bror bygde. Eit hus med lys og varme, med bilete på veggene.

Eg kjem aldri til å byggje mitt eige hus. Eg kjem ikkje til å støype min eigen grunnmur, reise mitt eige byggverk. Eg kjem ikkje til å vagle meg til på taket og legge mine eigne taksteinar. Kvinner gjer ikkje slikt. Kvinner høyrer ikkje heime på byggjeplassar. Vi skal ikkje bruke sementblandar, gå i skitne termodressar, lukte kropp, løfte tungt. Vi skal ikkje setje opp store konstruksjonar. Byggjeplassen er ikkje for oss. Byggjeplassen er ein av dei siste mannsbastionane.

«Jeg ser henne innimellom, maskinføreren i det andre sprengningsfirmaet. Hun er kraftig, har hår ned til beltet, grå arbeidsbukser og Van Halen T-skjorte. Hun går nesten alltid i T-skjorte. Styrer gravemaskinen mens hun røyker, tar kjappe telefoner. De gangene vi er på samme område hilser vi på hverandre som menn.»

Tina Åmodt gav i 2010 ut boka «Anleggsprosa», som handlar om livet på ein byggjeplass. Kritikarane falt av stolane då dei skjønte det var ei ung kvinne som arbeidde på byggjeplassen, ikkje ein mann. Dei blei svært opptekne av om Tina Åmodt sjølv hadde arbeidd som bygningsarbeidar. For så uvanleg er det, like uvanleg som ein mann som heklar dukar og strikkar babysokkar. Det er ein arena igjen å erobre. Slik det er i dag må ein gå inn i ei anna kjønnsrolle når ein utfordrar dei siste kjønnsbastionane. Kvinner må oppføre seg som menn på byggjeplassen, menn må tole å bli behandla, nedlatande, som «kvinner» om dei utfører oppgåver som framleis blir sett som feminine. Ei kvinne vil ha eit behov for å transformere seg for å tilpasse seg den mannsdominerte arenaen, for å bli teken seriøst må ho vere ein «mann».

«Før pleide jeg å dusje og sminke meg før jeg dro på jobb. For å rekke det sov jeg ti minutter mindre. Det handlet også om å komme hjem for dagen med flokete hår, men markerte øyne. Bli tatt på og lukte en blanding av treverk, rust og parfyme. Jeg prøver ikke lenger å ligne meg selv som jeg ser ut når jeg har fri. Jeg er lei av at folk spør om hvordan jeg holder ut, jeg skjønner ikke at de ikke skjønner at dette handler om byggeplassen.»

Det handlar om å få lov til å gjere det ein har lyst til, same kva kjønn ein er fødd inn i. Kanskje neste generasjon får det til?

Spalte i Nationen laurdag 5. mars 2011, til lukke med kvinnedagen.

2 kommentarer:

amo sa...

Flott ! Det passa godt på 8. marsdagen.
Eg las nettopp eit intervju med ein 60 årig mann i lokalavisa. Hans store hobby gjennom heile livet er brodering, t.d. skjorter til mannsbunaden. Bra at tradisjonelle kjønnsroller blir frynsete i kanten...

Aina sa...

Sjå der, ja! Det er bra det finst unnatak, verda blir så kjedeleg om ho skal vere svart-kvitt og rigid.