26. november 2010

Endeleg fred å få

Det er noko gjennomsyra godt og avslappa over vinteren. Medan våren handlar om å gå så tynnkledd ein berre klarer, hutre ute i den bleike sola iført pledd og altfor tynne sko, med rykande kaffi, rennande nase og naglebit, og sommaren er eit einaste langt jag etter iskalde bad, er seinhausten og vinteren den tida på året der ein endeleg med godt samvit kan halde seg inne.

Å, inne. Eg elskar å vere inne. Som barn var eg alltid fleire nyansar kvitare enn dei andre barna. Ofte var leggane mine så kvite at eg endåtil i den livsfjerne åtteårsalderen var flau for å vise dei offentleg. Dei beste dagane var dei eg slapp å gå ut. Utallige var helgene eg sat med nasen i ei bok. Fulle av lykke var sommardagane med regn der eg med godt samvit kunne late vere å springe omkring utandørs i eit evig jag etter sol. Å, kor eg elska å vere inne. Ei dunkel, varm stove med drypande grålysing utanfor. Eller det stille jenterommet: tørr panelomnvarme, regnet mot vindauget, og lyden av regnet. Ligge på magen på vegg-til-vegg-teppet, ei bok mellom hendene. Å, papir! Å, trykksverte! Å, inne!

Eg er framleis over gjennomsnittet glad i inne. Somme dagar kan eg vere inne frå morgon til kveld til morgon igjen. Eg veit det høyrest psykopatisk ut for ein del av dykk såkalla ’normale’, men eg elskar det. Å ha alt eg treng i kjøleskapet, ha bøker, aviser og filmar. Stå opp, ha på mjuke klede, ikkje skulle nokon stad. Av og til finst det ingenting betre. Av og til kan ikkje noko anna måle seg.

Det er det som er så perfekt med vinteren. Det er ingen som ventar at du skal vere ute når det snør og blæs frå alle kantar, tvers gjennom alt, blæs gjennom sjølve beingrinda di, vind som uler mellom knoklane. Det er ingen som synest du er psykopat om du heller vil vere inne og sjå ein tv-serie, då, eller hekle eit nytt sjal, tenne stearinlys, drikke te. Medan våren og sommaren er rastlaus og hektisk, er hausten og vinteren gå-i-dvale-tid. Endeleg er det stovereint å kose seg.

Når eg snur kalenderbladet frå oktober til november er det som om skuldrene senkar seg og kroppen fell på plass i si eiga ro. Det er ikkje det at eg er særleg glad i november, for det er eg ikkje. Det er bitande kaldt, eit lett lag snø som driv sidelengs over asfalten, den isande vinden mellom husa og triste tre som har mist alle blada sine. Samanlikna med september og oktober er november blodfattig, fargelaus. Og det er akkurat det som er sjarmen: dette nitriste. Det er det som gir alibi til å muntre seg mest muleg opp.

Når november kjem kan eg sjå fram til fire månadar i fullstendig ro og mak, utan noko anna mål enn å overleve vinteren – inne. Plutseleg finst det ingenting meir appellerande enn å sjå ein endelaus dramaserie på dvd. Plutseleg er ikkje tanken på ull fråstøyande og får meg til å klø i sjølve sjela, men noko eg vil pakke meg inn i, frå topp til tå, noko eg vil ha mellom hendene og lage ting av. Å ligge under dundyna blir ei einaste stor nyting og alt som er varmt gjer meg botnlaust lykkeleg. Enno er det lenge til våren byrjar krible i meg, til eg er lei av tørr hud og tunge klede. Enno er det lenge til eg byrjar lengte etter sola, etter graset, etter ein slik mjuk vind som berre finst når det er sommar. Enno kan eg kose meg lenge, lenge. Med bøker og filmar og inne. Eg seier som Jokke:

’Ventetida er over/ det kommer til å falle snø i natt/ Her kommer vinteren/ Her kommer den kalde fine tida/ Her kommer vinteren/ Endelig fred å få’

Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 26. november 2010

5 kommentarer:

caroline sa...

Jeg er enig. Dundyne, ullteppe, te, musikk, litteratur og ro. Vinteren er fantastisk, og finest når den er kald og hvit.

eekageek sa...

Det er herlig. Nå liker jeg sommeren veldig godt, men det er fordi jeg kun kryper ut av huset når det er varmt nok til at jeg kan ligge i sola og lese i stedet for inne i godstolen.

Anita sa...

Glimrende! Jeg er så unorsk at jeg hater vinteren jeg med. Oppholder meg gladelig innendørs og koooser meg! Født i feil land? Ja - kanskje det?

Aina sa...

I dag, til dømes, når det er iskaldt ute, og lett snø fyk over vegen, og det blæs og er gråmørkt, så er det ingenting meir koseleg enn musikk, levande lys og ei nyopphengt julestjerne i vindauget. Og avis og bok. Og internett, så klart.

Jorid sa...

Kjekt å vite at det er andre som har det som meg :-)