24. november 2010

Fengsla

I går blei Brageprisen utdelt og vinnaren i kategorien barne- og ungdomslitteratur var Hilde Kvalvaag for ungdomsromanen Fengsla. Kvalvaag har tidlegare gitt ut to prisløna ungdomsbøker, samt vaksenromanen Skagerrak, som kom i 2008.

Eg las Fengsla for nokre veker sidan. Etter at eg blei kjent med forfattarskapen til Hilde Kvalvaag gjennom den dirrande romanen Skagerrak for to år sidan, har eg visst at eg vil følgje henne vidare. Og Fengsla er ein sterk roman, ein roman som riv deg med og inn i seg frå dei aller første sidene. Det ligg eit stort mørker her, både i personane og i handlinga, noko som ikkje kan gå bra, nesten så ein ikkje kan orke å lese av og til. Men ein må lese.

Eg gratulerer Hilde Kvalvaag med den gjæve prisen, han var velfortent. Les meir om boka HER.

2 kommentarer:

L|nda sa...

Hei Aina!
Veldig kjekt å følgje deg på bloggen din! Du skriv fantastisk vakkert. Nett no les eg "Fange 59. Taterpige", og er nærast opprådd over at eg ikkje har lese bøkene dine før. Eg elskar måten du skriv på. Måten du skildrar menneska på, deira kjensler, med den gode historia som ramme.
Framover kjem vi nok til å ha ein del med kvarandre å gjere, ettersom eg stig inn i rolla som dagleg leiar i Allkunne når Audhild går ut i svangerskapspermisjon. Har allereie arbeidd parallellt med Audhild sidan slutten av oktober, og er no godt inne i rutinene i Allkunne.
Har lenge ønskja å presentere meg for dokke i redaksjonen, og ikkje minst treffe dokke(!), men ser ut som det må vente nokre veker til, til redaksjonsmøtet i desember.

Skal følgje deg vidare på bloggen! Samt Twitter. I mellomtida nyt eg romanane dine ;)

- Linda Halse Digernes

Aina Basso sa...

Hei Linda,

tusen takk for gode ord! Og velkomen til Allkunne, det skal bli kjekt å treffast om nokre veker!

Aina