17. januar 2010

Magisk på ein laurdag

Profilkrins. Obrestad, Haugen, Økland
1. Einar Økland og Dag Solstad som urframførte eit tablå frå skodespelet Georg, sit du godt? om norskingen Georg, som gjennom eit sett tablå stadig blir yngre heilt til han fødast, men dessverre viser seg å vere dødfødd. Dag Solstad var meisterleg på nynorsk, med uventa god diksjon. Ubetaleleg.

2. Jan Erik Vold og Egil Kapstad i ein fantastisk sekvens med dikt og dei vakraste jazztonar frå pianoet. Eg stirte ufråvend på Jan Erik Vold: smilte meg nesten av hengslene, og visst kom det ikkje ei lita tåre, òg.

3. Paal-Helge Haugen, den fine, fine lyrikaren eg set så høgt, som las dikt frå Kvartett.


4. Å sitje på same bord som Dag Solstad og drikke øl, utan å våge å snakke til han.

(Frå Samlaget si feiring av Einar Økland, 70 år på Litteraturhuset, ei meisterleg forestilling.)

2 kommentarer:

bokdama sa...

Fine bloggen fortjener en award. Se på siden min:-).

Ha en fin søndag!

Aina sa...

Tusen takk! Det set eg stor pris på!