Alle som vil er velkomne til lanseringsfest 28. mars kl. 19 på Last Train i Karl Johans gate 45 (inngang Universitetsgata) i Oslo.
Klikk på flygaren for større bilete og meir informasjon!
Viser innlegg med etiketten Fest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fest. Vis alle innlegg
22. mars 2012
17. januar 2010
Magisk på ein laurdag
Profilkrins. Obrestad, Haugen, Økland
1. Einar Økland og Dag Solstad som urframførte eit tablå frå skodespelet Georg, sit du godt? om norskingen Georg, som gjennom eit sett tablå stadig blir yngre heilt til han fødast, men dessverre viser seg å vere dødfødd. Dag Solstad var meisterleg på nynorsk, med uventa god diksjon. Ubetaleleg.
2. Jan Erik Vold og Egil Kapstad i ein fantastisk sekvens med dikt og dei vakraste jazztonar frå pianoet. Eg stirte ufråvend på Jan Erik Vold: smilte meg nesten av hengslene, og visst kom det ikkje ei lita tåre, òg.
3. Paal-Helge Haugen, den fine, fine lyrikaren eg set så høgt, som las dikt frå Kvartett.
4. Å sitje på same bord som Dag Solstad og drikke øl, utan å våge å snakke til han.
(Frå Samlaget si feiring av Einar Økland, 70 år på Litteraturhuset, ei meisterleg forestilling.)

20. juni 2009
Sjampis på Operataket

I år regna det. Då vi endeleg våga oss utandørs kom vi til ein spreidd fest inne i Operafoajeen. Eit glas vin seinare letta det, og festen fortsette på taket, til stadig finare vêr og vakre operasvisker over høgtalarane.
Eg trudde kanskje det skulle skje noko. At nokon ville lese, eller snakke, eller opptre på ein eller annan måte. I staden blei det ein typisk minglefest. Alle trykte seg saman inst mot baren, i ei stor, trong klynge. Og det var hyggeleg. Om ikkje "alle" var der, så var der iallfall ein god del. Himmelen lysna samtidig som han mørkna, det sprudla i glasa og blei stadig tettare med folk. Og då eg i dag tilfeldigvis skrudde på NRK der dei viste reprise av gårsdagens VG-listekonsert på Rådhusplassen, skjønte eg at fyrverkeria vi såg frå Operaen blei sendt opp då A-ha spelte Take On Me.
I kveld er det fest på Litteraturhuset. Kanskje eg skal gå dit?
Abonner på:
Innlegg (Atom)