17. januar 2010

Eg er nervøs

Veldig nervøs.
Manuset har vakse til over 200 sider (korleis kunne dette skje?) og om nokre korte veker skal eg sende det til redaktøren. Ettersom eg ikkje er ein skikkeleg forfattar enno (eg veit ikkje når ein blir det, men ein må iallfall ha skrive og utgitt meir enn ei bok, det har eg fått streng beskjed om) aner eg omtrent ingenting om kvaliteten på det eg har prestert. Er det eg trur er godt faktisk godt? Er det eg trur er dårleg faktisk dårleg? Har eg fokusert meir på faktastoffet enn det litterære? Har eg språkføring som ein femåring? Og så bortetter.

Nervøs, rett og slett. Blir kvalm berre eg tenker på det, blir kvalm når nokon spør om det og eg må svare eit kvart, vil helst ikkje tenke på det i det heile. Det er som å skulle til tannlegen: Ein gler seg berre til det er over.
Men når blir det over? Eg er først nervøs for at det er så dårleg at det aldri kjem ut, deretter nervøs for at alle skal slakte det viss det eventuelt kjem ut, og det vil jo aldri slutte, vil det vel? Nervøsitet på nervøsitet, år ut og år inn, manus etter manus.
Men i morgon er ein ny dag. Kanskje eg ikkje er like nervøs då.

3 kommentarer:

Anonym sa...

KAFFE!!!!!!!!!!!!!!!!!!

T.

Aina sa...

Haha, ja, gjerne!

Anonym sa...

Det blir spanande å lesa den nye boka di når den tid kjem! Eg likte den første veldig godt, nydeleg språk og sterk historie. Eg er bibliotekar og anbefaler ofte boka di! Helsing Kari Folvik