18. januar 2010

Kva for ein myte skal vi velje?

Eg har tenkt litt på dette med forfattarmytar. Dei finst jo og nokre ser ut til å gå inn dei med liv og lyst.
Kva ville du vald viss du skulle tre inn i ein myte?

1. Den fordrukne intellektuelle (mann)
2. Den mystiske einebuaraktige og (sjølvsagt) lidande kunstnar (mann)
3. Den frivole og fordrukne (kvinne)
4. Den skøyre, plaga og psykisk ustabile (kvinne)

Det finst dessverre ingen mytar som passar til eit meir vanleg liv, type familieliv med barn, eventuelt berre (kvinne eller mann) normalt fordrukken, ikkje særskilt lidande og sånn halvvegs intellektuell.
Men det finst kanskje fleire mytar å velje mellom? Forslag?

Eg veit ikkje kva eg ville vald. Dei (fleste) kvinnelege forfattarane eg ser opp til er døde, nokre tragisk.

10 kommentarer:

Akeleiedamen sa...

Da jeg underviste om Amalie Skram i forrige uke kom det helt spontant fra en jente (15): "Hon hadde baller!" Litt synd at det å være modig og kompromissløs sem henne skal assosieres med noe veldig mandig- altså baller..... Dette var sikkert ikke svar på det du var ute etter, men siden du lese Camilla Collett kom jeg på Amalie. Collett var jo et stort ideal for henne.

Aina sa...

Å, godt sagt. Eg vil heller vere Amalie Skram enn psykisk ustabil og skøyr.

Avil sa...

Eg er fordrukken, innrøykt, intellektuell og sur. Eg trur Undset var slik. Eg likar å innbille meg det.

Heidi sa...

Nå er jeg ikke forfatter, men når jeg en gang blir det, er jeg overhodet ikke fordrukken, men intellektuell, plaget og toboeraktig.

Aina sa...

Avil:
Du er også veldig blid og morosam. Det var nok Undset også.

Heidi:
Toboer - som i sambuar?

Eg trur eg er skrekkeleg normal, dessverre. Kjedeleg, men sant.

Heidi sa...

Hehe, ja som i samboer. Jeg har sterke eneboertendenser, men samboeren tåler jeg godt. Ellers synes jeg mennesker ofte gjør seg best på papiret.

Aina sa...

Haha. Best på papiret, du liksom. Nokre gjer kanskje det, medan andre gjer dagen din rosenraud berre ved å vise sitt vakre åsyn. Eller kva?

Sambuar er flott, å bu åleine er topp, så der er vi iallfall einige.

Avil sa...

Det seier du berre fordi du berre ser meg når eg drikk.

Aina sa...

Har eg ikkje sett deg når du ikkje drikk, meiner du? No må eg tenke. Festival, festival, fest, fest... hm. Ja ja. Du gjer deg iallfall svært godt på fest. Apropos: Gler meg til neste gong!

Avil sa...

Akademisk, fordrukken middelklassesurpomp. Ikkje mykje mytestoff. men me skal ha det gøy på festival uansett.