10. september 2009

Yngre jenter og eldre menn

Tilbakemeldingar kjem frå dei finaste kantar.
Før eg debuterte var eg ikkje heilt sikker på om eg ville få nokon tilbakemeldingar i det heile. Denne boka som skulle sleppast ut i verda ville nok falle mellom to stolar, meinte eg. Ikkje heilt for ungdom, ikkje heilt for vaksne. 

I staden kjennest det som det er blitt motsett. 
Berre i løpet av dei siste vekene har eg fått gode tilbakemeldingar frå folk i eit aldersspenn på 45 år. Den 14 år gamle jenta som skriv særemne i norsk, og den 60 år gamle mannen og lesehesten, som fekk boka tilrådd på biblioteket. Den siste månaden har også to nye bokomtalar dukka opp på litteraturbloggar. 

Så det blei jo ikkje som eg frykta. Boka datt ikkje ned i ein sprekk og blei liggande. 
Hadde eg vore ein mindre nervøs debutant viss eg hadde visst det på førehand?

8 kommentarer:

Silje sa...

Ja, jeg har anbefalt den til både lærere og elever på skolen. Og når jeg tenker meg om spesielt yngre jenter og eldre menn:-)

Aina Basso sa...

Har du? Så hyggeleg! Fortset slik!

Bai sa...

Eg hadde lese ho mykje tidlegare, viss eg hadde skjønt at ho ikkje stod på "B" på biblioteket, men i ungdomsavdelinga.

Det var ei nydeleg lesaroppleving. Heilt på ordentleg. Men litt nervøsitet er vel sunt og menneskeleg, før noko slikt, er det ikkje?

Aina Basso sa...

Det var jo hyggeleg å lese, Bai!
Kanskje ho skulle stått begge stadar?

Og jau, litt nervøsitet har ein ikkje vondt av. Det var ikkje første gongen, og ikkje siste, heller.

Runar sa...

Kom til å tenke på ein fantastisk dialog frå ein fantastisk film:

-Are you nervous?
-Yes.
-Is it your first time?
-No, I've been nervous lots of times.

Lille søster sa...

Det hadde vært rart, og kanskje også litt kjedelig, hvis du ikke hadde vært nervøs på forhånd. Eller?
Og p.s. Ingrid Storholmen er ikke en navnesøster av meg:)

Anonym sa...

Eg trur du hadde vore veldig nervøs om du hadde visst at så mange kom til å lese.

Aina Basso sa...

Runar:
Haha. Artig sitat!

Lille søster:
Ja, det har du nok rett i. Og i det andre, også. Skal rette opp med det same.

Kristine:
Det hadde eg nok. Når eg tenker meg om blir eg litt nervøs av det akkurat no.