Viser innlegg med etiketten Lesarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lesarar. Vis alle innlegg

10. september 2009

Yngre jenter og eldre menn

Tilbakemeldingar kjem frå dei finaste kantar.
Før eg debuterte var eg ikkje heilt sikker på om eg ville få nokon tilbakemeldingar i det heile. Denne boka som skulle sleppast ut i verda ville nok falle mellom to stolar, meinte eg. Ikkje heilt for ungdom, ikkje heilt for vaksne. 

I staden kjennest det som det er blitt motsett. 
Berre i løpet av dei siste vekene har eg fått gode tilbakemeldingar frå folk i eit aldersspenn på 45 år. Den 14 år gamle jenta som skriv særemne i norsk, og den 60 år gamle mannen og lesehesten, som fekk boka tilrådd på biblioteket. Den siste månaden har også to nye bokomtalar dukka opp på litteraturbloggar. 

Så det blei jo ikkje som eg frykta. Boka datt ikkje ned i ein sprekk og blei liggande. 
Hadde eg vore ein mindre nervøs debutant viss eg hadde visst det på førehand?

10. mars 2009

Å, desse søte elevane

Det er ikkje så verst å ha skrive for ungdom, kjenner eg.

Når ei bok treffer eit ungt menneske treffer ho liksom endå sterkare enn noka bok kan treffe noko vakse menneske. Iallfall hugsar eg det slik, og slik opplevast det også utifrå dei tilbakemeldingane eg får frå dei unge lesarane mine.

Eg skal heilt klart skrive meir for ungdom, og kanskje også for yngre barn. Men akkurat no konsentrerer eg meg om vaksne.

Nei, no kjenner eg at ei av desse livet! skrivinga!-tiradene mine er i emning igjen, så eg stoppar her.