10. mars 2009

Å, desse søte elevane

Det er ikkje så verst å ha skrive for ungdom, kjenner eg.

Når ei bok treffer eit ungt menneske treffer ho liksom endå sterkare enn noka bok kan treffe noko vakse menneske. Iallfall hugsar eg det slik, og slik opplevast det også utifrå dei tilbakemeldingane eg får frå dei unge lesarane mine.

Eg skal heilt klart skrive meir for ungdom, og kanskje også for yngre barn. Men akkurat no konsentrerer eg meg om vaksne.

Nei, no kjenner eg at ei av desse livet! skrivinga!-tiradene mine er i emning igjen, så eg stoppar her.

7 kommentarer:

Lille søster sa...

Du trenger ikke å stoppe!
Ja, det må være fint å skrive for ungdom. Fint å kunne skape slike altoppslukende leseopplevelser som bare har når en har når en er veldig ung.

Aina sa...

Hehe :)
Livet! Skrivinga!

Det er så fantastisk når folk skriv (vaksne, òg) at dei ikkje klarte å legge frå seg boka, at dei skulle ønske ho hadde vart lenger (det er lurt å skrive kort, større sjans for at folk vil ha meir ;) ... blir jo reint salig av mindre!

Lille søster sa...

Fint blidbilde!

Aina sa...

Takk for det, du!
Det er så slitsamt å halde den seriøse maska heile tida. Eg kan like gjerne stå fram slik eg eigentleg er.

Avil sa...

Eg likar deg entusiastisk.
Godt ord for livsbejaende på nynorsk? Eller skal ein berre seie lukkeleg, på ein svolten måte?

Aina sa...

Hm. Nei, eg har ikkje noko godt nynorskord for det. Nynorskingar seier ikkje slikt. Dei seier noko underdrive med gravalvorleg andlet. Og så ler vi.

Avil sa...

Det er sant.