10. september 2009

DEN SISTE HELGA

Det er den siste helga den sommaren.
Vi fyller bilen opp med jenter, set på ABBA, syng av full hals. August er snart over. Vi har planlagt dette lenge.

Etter tre timar og to daude grevlingar i vegkanten, kjem vi fram. Trepanelet på hytta er mørkt, varmt mot hendene. Vi opnar vindauga, klistrar myggnettingen fast i karmen. Eg slenger tinga mine i overkøya. Det er folk i alle rom.

Det er sol og vind, vi går til havet. På ei lang sandstrand knasar skoa over kvite skjell. Vinden er kald, ber hausten med seg. Vi set oss i ly av ein sandbanke. Vi et kjeks, ser på havet, på lensene som skal halde oljen ute. Horisonten synast endelaus. Eg får sandkorn mellom tennene.

Det vesle barnet går nakent på underkroppen. Ho bæsjar på ryggen til mora. Etterpå flyg bademadrassen hennar bortover stranda. Eg sparkar av meg skoa og spring utover grunna for å fange han. Vatnet er varmt. Eg står i vinden med raude kinn, handa knip den våte madrassen. Eg har berre leggar, sjøen er mjuk. Snart er det haust, vinden ruskar i skjørtet. Huda på armane nuppar seg.

Vi set opp ein oransj drage. Venninna mi held han. Dragen står stilt mot vinden høgt der oppe. Himmelen er lyseblå, ho slepper ut meir line. Eg bøyer hovudet bakover. Det strammar i nakken. Når eg tek over er eg redd for at noko skal hende. For at dragen skal styrte, at eg ikkje skal klare å halde han. Men han styrtar ikkje.
Seinare blir han likevel borte, det vesle barnet slepper han, vi ser han over krattskogen, det er eit tre som flyg han no.

Det er ikkje den første sommaren vi er her. Denne turen til denne hytta er blitt tradisjon i vennegjengen vår. Men det er det første året vi er så få. Det er det første året vi berre er her ei helg. Gjengen vår er i endring. Vi byrjar å etablere oss. Vi får barn, vi giftar oss, vi flyttar til andre kantar av landet.

Når kvelden kjem leitar vi fram pappvin og druer, ostar og kjeks. Vi sit ute i kvelden inntulla i tjukke pledd. Vinden suser høgt, natta er stor og svart. Vi sit i ein ring av lys og ser dei kjølig opplyste trekroppane stange fram frå mørkret. Kva som ligg bak er det ingen som veit.

Det blir seint på natt før vi merkar stjernehimmelen. Han er større enn eg har sett nokon gong. Stjernene ligg tett i tett, nokre sterke, nokre små, nesten usynlege. Lysprikkane forsvinn oppover og oppover, innover og innover i mørkret. Ei stjernetåke driv over hytta.
Eg lener meg attover i stolen og ser opp på dei brennande gasskulene der ute. Alle dei uendeleg mange objekta, øydeleggande varme, i det enorme, lufttomme rommet. Det strekker seg. Og strekker seg. Til alle kantar. Til all tid. Eg kunne sveve der oppe. Kor lenge ville kroppen min halde?

Eg tenker på alle åra universet har eksistert. Eg tenker på talet menneske som har levd og døydd gjennom alle år, talet som lever akkurat no. Eit liv som mitt er berre eit blaff. Ei rørsle i gardina når vinden trekker pusten. Eg er ein liten prikk på ein liten prikk i eit hav av små prikkar.

Søndagen køyrer vi tilbake. Avslappa, brune, slitne. Kvardagen ventar der heime. Jobbar og menn og barn. Havet er eit blått avtrykk på netthinna. Vi snakkar om å reise tilbake neste sommar. Kven blir med då?

Laurdagsspalte i Nationen 05.09.2009. Foto: Privat. Mølen i Nevlunghavn. 

1 kommentar:

Mettemor sa...

Vemodig og vakkert skrevet!